1. Startsiden
  2. Aktiviteter

Søk innovasjonsstøtte for nyheits- og aktualitetsmedium

Medietilsynet lyser ut innovasjonsstøtte for 2020. Potten for 2020 er på 20 millionar kroner. Støtta er nær dobla frå 2019. Auken i støtta skal særleg gå til digitaliseringstiltak i aviser som blir ramma når Posten distribuerer aviser færre dagar i veka.

For
Nyheits- og aktualitetsmedium på alle plattformer
Tid

Målet med innovasjons- og utviklingsstøtta er å styrke mediemangfaldet og den opplyste offentlege samtalen ved å gjere det lettare for nyheits- og aktualitetsmedium å digitalisere og drive innovasjon. Ordninga skal særleg stimulere til redaksjonell, innhaldsretta innovasjon og utvikling i små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium.

Søknadsfrist er 20. januar.

Her finn du søknadsskjema og vegleeing til søknaden

Fakta om innovasjonsstøtta

  • Støtteordninga tredde i kraft 1. juli 2018 og blir forvalta av Medietilsynet
  • Frist til å søke støtte for 2020 er 20. januar. Regjeringa har foreslått å fordele 20 millionar kroner i 2020, og pengane blir fordelte i éin tildelingsrunde
  • Aviser som får utfordringar med distribusjonen på grunn av endringar i postlova med færre omdelingsdagar, kan få støtte til digitalisering og omstilling 
  • Prosjekt som rettar seg mot innvandrarar og språklege minoritetar, vil bli prioriterte
  • Prosjekt som er retta mot tenester for personar med funksjonsnedsettingar, vil bli prioriterte