1

Produksjonstilskott

Produksjonstilskott til nyheits- og aktualitetsmedium skal bidra til eit mangfald av nyheits- og aktualitetsmedium over heile landet.

Søknad om produksjonstilskott for 2019 er stengt. Ny søknadsprosess blir våren 2020.

Søknader gjennomføres på Min side:

Logg inn på Min side

Tilskottet er retta mot økonomisk vanskelegstilte medium og medium med små opplag. Tilskottsordninga er plattformnøytral og likestiller papiropplag og digitalt opplag.

Oversikt over tilskott gitt i 2018

Oversikt over tilskott gitt i 2017

Oversikt over ID-nummer

Rettleiing om utbytte som er tillate for medium som får produksjonstilskott

Har du spørsmål rundt tilskuddsordningen eller til utfyllingen av skjemaet? Ring oss for veiledning på 69 30 12 00 eller send en e-post til 

 

2

Innovasjons- og utviklingstilskott til nyheits- og aktualitetsmedium

Utviklinga i mediebransjen går svært raskt, og det er lett å bli hengande etter. For at nyheits- og aktualitetsmedia skal kunne bidra til å fremme mediemangfald og ein opplyst samtale også i framtida, er dei nøydde til å innovere og utvikle seg. Denne støtteordninga skal oppmuntre media til innovasjon og utvikling, både redaksjonelt og i innhald. Innovasjons- og utviklingsarbeid i små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium skal prioriterast når stønaden blir fordelt.

Neste søknadsfrist for å søke innovasjons- og utviklingstilskudd er måndag 20. januar 2020.

Etter at regjeringa foreslo å doble støtta i forslaget til statsbudsjett for 2020, er ramma auka til 20 millionar kroner. 

Målet med innovasjons- og utviklingsstøtta er å styrke mediemangfalet og den opplyste offentlege samtalen ved å gjere det lettare for nyheits- og aktualitetsmedium å digitalisere og drive innovasjon. Ordninga skal særleg stimulere til redaksjonell, innhaldsretta innovasjon og utvikling i små, lokkale nyheits- og aktualitetsmedium.

du kan søke om tilskott til innovasjons- og utviklingsprosjekt som

  • utviklar redaksjonelt innhald
  • utviklar eller implementerer nye løysingar for produksjon, publisering, spreiing eller konsum av redaksjonelt innhald
  • forprosjekt


Digitalisering og omstilling

I samband med endringar i postlova har regjeringa i ein overgangsperiode auka innovasjons- og utviklingstilskottet med ti millionar kroner for å bidra til digitalisering. Ordninga er retta mot aviser som særleg blir ramma av endringane med færre omdelingsdagar.

I fordelinga av midlar vil Medietilsynet prioritere:

  • lokale samarbeidstiltak som gjer at midlane kommer flest mogleg til nytte
  • tiltak som gjer at avisene blir mindre avhengige av papir (utviklar metodar for å nå brukarane på digitale måtar)
  • prosjekt frå aviser som har ein stor del av økonomien knytt til papirutgiving og som har ein stor del av papiropplaget distribuert utanfor tette busette område

Tenester retta mot personar med funksjonsnedsetjingar

Visjonen til regjeringa er eit samfunn der alle menneska kan delta og ha moglegheit til å bidra i samfunnet. Politikken for menneske med funksjonsnedsetjing skal bygge på likestilling og likeverd, sjølvstyring, medverknad, deltaking og inkludering. Inkludering og likestilling av personar med funksjonsnedsetjing er ein føresetnad for eit berekraftig velferdssamfunn og for at den einskilde skal kunne leve frie og sjølvstendige liv. Medietilsynet vil prioritere prosjekt som er retta mot tenester for personar med funksjonsnedsettingar.

Prosjekt retta mot særlege grupper som innvandrarar og språklege minoritetar

For tilskottsåret 2020 vil innovasjonsordninga i større grad rette seg mot særlege grupper som innvandrarar og språklege minoritetar.

For spørsmål, ta kontakt med Jan Erik Andersen.

3

Bruksretta medieforsking (RAM)

Stønadsordninga har eit klart mål om at forskinga skal vere praktisk orientert og kunne nyttast i mediekvardagen.

Søknadsfrist for midlar til 2020 er 1. oktober 2019.

Medietilsynet skal fordele midlar til bruksretta medieforsking med særleg vekt på forsking på tvers av media, og på tema som gjeld redaksjonelle, økonomiske og tekniske tilhøve.

Det er Rådet for anvendt medieforskning som behandlar dei innkomne søknadene og utarbeider ei innstilling til Medietilsynet. Det er tilsynet som tar den endelege avgjerda om avslag og løyvingar.

Les meir om bruksretta medieforsking og tidlegare tildelingar

Kontaktperson: Jan Erik Andersen

4

Stønad til lokale lyd- og bildemedium

Tilskottsordninga har som hovudmål å bidra til mediemangfald, ytringsfridom og å styrke den demokratiske funksjonen dei lokala lyd- og bildemedia har i samfunnet.

Regjeringa har som målsetting for denne tilskottsordninga at den skal bidra til digitaliseringa av lokalradio i Noreg, og derfor blir halvparten av midlane øyremerkte til dette formålet.

Målgruppa for tilskottsordninga er lokalkringkastingskonsesjonærar og registrerte kringkastarar som hovudsakleg tilbyr innhald retta mot eit lokalt publikum. I tillegg er det ein søknadskategori for nasjonale samanslutningar for lokale lyd- og bildemedium og ein for anleggskonsesjonærar i digitale lokalradionett.

Du kan søke om:

  • investeringstilskott til digitalisering av lokalradio
  • programproduksjonar og utviklingsprosjekt som stimulerer til bruk av norsk
  • driftstilskott til nasjonale samanslutningar for lokale lyd- og bildemedium
  • driftstilskott til lokalradioar for etniske og språklege minoritetsgrupper
  • prosjekttilskott til lokale programproduksjonar
  • prosjekttilskott til kompetansehevande tiltak
  • prosjekttilskott til utviklingsprosjekt

Du søker via sjølvbeteningssida "Min side".

Ta kontakt med Jon Stjernstedt ved spørsmål.

Forskrift om tilskudd til lokale lyd- og bildemedier

Tildelte midlar for 2019

Tildelte midlar for 2018

Tildelte midlar for 2017

Tildelte midlar for 2016

Tildelte midlar for 2015

5

Samiske aviser

Tilskottet til samiske aviser og samisk språklege avissider skal legge til rette for demokratisk debatt, meiningsdanning og språkutvikling i det samiske samfunnet.

Med samisk avis meiner vi ei avis som har den samiske befolkninga som hovudmålgruppe.

Det meste av tilskottet blir fordelt mellom avisene Ságat og Avvir. I tillegg gir vi stønad til lulesamiske og sørsamiske innstikk.

6

Distribusjonstilskott til aviser i Finnmark

Topografi, spreidd busetnad og klima gjer avisdistribusjon kostnadskrevjande i Finnmark. For å lette på dei økonomiske ekstrabyrdane desse avisene har, innvilgar Medietilsynet eit eige distribusjonstilskott til aviser i dette fylket.

Aviser i Finnmark kan søke distribusjonstilskott i tillegg til produksjonsstønaden. Stønaden blir fastsett ut i frå mengda dokumenterte distribuerte eksemplar.

Oversikt over fordeling av distribusjonstilskott 2019:

     
Avis

Tilskott i 2019

 

Altaposten

               80 441

 

Ávvir

             230 180

 

Finnmark Dagblad

             368 940

 

Finnmarken

             426 352

 

Finnmarksposten

               46 422

 

Hammerfestingen

               23 381

 

Kronstadposten

                 5 310

 

Kyst og Fjord

             102 871

 

Ruijan Kaiku

                 5 474

 

Ságat

             580 226

 

SÁMi magasiidna

               72 775

 

Sør-Varanger Avis

             180 563

 

Østhavet

               67 064

 

Totalt

          2 190 000

 
7

Stønad til etterutdanning

Gjennom mediestønaden blir det gitt tilskott til etterutdanning i mediebransjen. Tilskottet blir gitt til tiltak omtalt i statsbudsjettet.

Tilskott blir blant anna gitt til Institutt for journalistikk og kurs- og seminarverksemd i Landslaget for lokalaviser.

I tillegg administrerer Medietilsynet tilskott til Norsk Mediebarometer som er ei undersøking om medievanane til folk. Undersøkinga blir gjennomført av Statistisk sentralbyrå.

8

Menneskerettsprisen

Kulturdepartementets menneskerettspris for journalister tildeles en journalist som i særlig grad har satt søkelys på aktuelle menneskerettighetsspørsmål i Norge.

Prisen deles ut annethvert år, og består av en pengegave på 100 000 kroner samt et litografi, utført av kunstneren Håkon Bleken. Neste gang prisen vil bli deles ut 2. mai 2018.

Gå til denne siden for mer informasjon og for å nominere en journalist.