1. Startsiden
  2. For mediebransjen
  3. Støtteordninger

Støtte til lyd- og bildemedium – Mi side

Mi side er den nye digitale sjølvbeteningssida til Medietilsynet for blant anna tilskottsmottakarar.

Det er ikkje mogleg å logge inn på Mi side før vi har registrert deg som brukar og du har fått invitasjon på e-post. Dersom du ikkje har fått ein e-post med invitasjon til Mi side frå Medietilsynet, ta kontakt med oss på  med følgande informasjon:

  • Namnet på selskapet
  • Namnet på kontaktpersonen som skal nyttast
  • E-postadressa til kontaktpersonen


Autentisering og pålogging

For å ta i bruk Mi side, må du aktivere brukaren din. Første gong du loggar på, gjer du følgande:

  1. Åpne e-posten frå Medietilsynet med invitasjon til Mi side.
  2. Klikk på lenka i e-posten for å stadfeste brukaren din.

Passordet ooppretter du første gong du skal logge inn. Når passord er oppretta, vil du få beskjed om å skrive inn ein sikkerheitskode. Denne vil du få på e-postadressa du har registrert. (OBS: Dersom du ikkje får e-posten med koden, kan det vere lurt å sjekke spam-filteret ditt.)

For framtidige påloggingar til Mi side, gjer du følgande:

  1. Gå til https://medietilsynet.force.com
  2. Skriv inn e-postadressa di (brukarnamn) og passordet du sjølv har laga
  3. Du vil få ein sikkerheitskode på e-post. Skriv inn den sekssifra koden, og vel "neste"

Du er nå innlogga på Mi side. Du vil få ein ny sikkerheitskode kvar gong du skal logge deg inn på Mi side. 

Videorettleiing til å logge deg inn på Mi side:

Har du spørsmål, ta kontakt på