1. Startsida
  2. Mediestøtte

Mediestøtte

Tilskot til samiske nyheits- og aktualitetsmedium

Tilskottsordninga skal legge til rette for demokratisk debatt og meiningsdanning i dei samiske samfunnet og stimulere til produksjon av at breitt journalistisk innhald retta mot den samiske befolkninga, i tillegg til å fremme utvikling av dei samiske språka.

For å få støtte må media ha den samiske befolkninga som hovudmålgruppe, eller fast og regelmessig publisere samiskspråkleg nyheits- og aktualitetsinnhald.

Søknadsfrist: 22.april 2026

Medietilsynet administrerer og saksbehandlar støtteordninga ved å motta søknader, kartlegge kven som kvalifiserer til å motta støtte og vedtek kven som skal få støtte og kor mykje kvar enkelt søker skal få.

Frå og med 01.januar 2026 er det ei ny forskrift som regulerer tilskottet. Ordninga er nå plattformnøytral, og er derfor meir tilpassa den digitale kvardagen ved at medium kan bidra til å bevare og utvikle dei samiske språka også digitalt.

Den nye forskrifta har fleire likskapstrekk med «Forskrift om produksjonstilskott til nyheits- og aktualitetsmedium» enn den førre, og inneheld krav til blant anna eigenproduserte saker, abonnementstal og redaksjonelle årsverk.

Løyvinga skal framleis delast på produksjonstilskott og tilskott til enkeltsaker på samisk.

For å gi insentiv til fleire saker på samisk opnar den nye forskrifta for fleire samiske språk enn dei som var inkludert i den gamle ordninga. Tidlegare var det avissider skrive på lule- eller sørsamisk som kunne få tilskott for eigenprodusert stoff. Frå 2026 blir også inkludert nordsamisk, pitesamisk, umesamisk og austsamisk/skoltesamisk i ordninga, og kvart enkelt medium får berekna tilskott på grunnlag av del samiske saker av alle saker. Sakene må ha vore publiserte fast og regelmessig siste kalenderår før tilskottsåret.

Tilskott til saker på samiske språk kan utgjere til saman inntil åtte prosent av løyvinga for kvart enkelt år, ein auke frå tidlegare forskrift der grensa var på inntil fire prosent.

Produksjonstilskottet vil framleis vere den største delen av tilskottet, og i den nye ordninga skilst det på høgfrekvente og lågfrekvente nyheits- og aktualitetsmedium. Kva tilskottsgruppe kvart enkelt medium tilhøyrer blir avgjort av abonnementstal, talet på eigenproduserte saker i året og per veke, og redaksjonelle årsverk. Vektinga mellom grunntilskott og variabelt tilskott er også ulik i høg- og lågfrekvent tilskottsgruppe.

Tildeling av midlar vil skje i løpet av hausten 2026.