- Startsida
- Mediestøtte
- Tilskot til samiske nyheits- og aktualitetsmedium
- Rettleiar-Tilskott samiske aviser
Sist oppdatert: 10. mars 2026
Eigenprodusert innhald
For å få produksjonstilskot og tilskot til saker på samiske språk, er det nokre minstekrav til journalistisk eigenproduksjon
Høgfrekvente samiske nyheits- og aktualitetsmedium må publisere minst:
- 20 eigenproduserte redaksjonelle saker per veke i 52 av vekene i år
- 2 500 eigenproduserte saker per år
Lågfrekvente samiske nyheits- og aktualitetsmedium, og aviser som søkjer om tilskot til saker på samiske språk, må publisere minst:
- fem eigenproduserte redaksjonelle saker per veke i minimum 48 av vekene i år
- 480 eigenproduserte redaksjonelle saker i året
Det kan ikkje gjerast unntak frå desse kvantitative krava til omfang og hyppigheit.
Formålet med minstekravet er å sikre at den journalistiske produksjonen i mediet er løpande og sjølvstendig, og skal stimulere til produksjon av eit breitt journalistisk innhald retta mot den samiske befolkninga, og dessutan å fremje utviklinga av dei samiske språka.
Omfattande bruk av stoff som ikkje blir sjølvstendig journalistisk behandla av journalistane til mediet vil normalt tale for at mediet ikkje oppfyller hovudformålsvilkåret om å drive løpande journalistisk produksjon og formidling av nyheiter, aktualitetsstoff og samfunnsdebatt.
Kva som ligg i kravet til eigenproduksjon
Ei redaksjonell sak omfattar berre journalistisk behandla stoff, og er klart skilt frå kommersielt innhald som annonsar og anna marknadsføring. Det betyr mellom anna innhaldsmarknadsføring, eksempelvis der tekst og bilete frå marknadsførar i ulik grad blir behandla journalistisk ikkje kan reknast som eigenproduksjon.
At ei redaksjonell sak skal reknast som eigenprodusert føreset eigen, sjølvstendig journalistisk bearbeiding. I denne samanhengen føreset journalistisk eigenproduksjon at informasjon blir innhenta og behandla etter journalistfaglege metodar og presseetiske prinsipp, og at dette er eit resultat av at mediet sine eigne journalistar har gjort ei sjølvstendig bearbeiding.
Saker med munnlege kjelder og redaksjonelt kommentarstoff blir rekna som eigenproduserte. Eigenprodusert redaksjonelt kommentarstoff omfattar kommentarar redaksjonen sjølv har produsert og kommentarstoff mediet har bestilt og betalt for (faste spaltistar osb.) Artiklar med skriftlege kjelder som tilfører nye opplysningar eller eit nytt journalistisk perspektiv blir rekna som eigenproduserte.
Saker som ikkje blir rekna som eigenproduserte
Rein vidareformidling av stoff produsert av andre, og saker som først har vore publisert i andre medium, blir ikkje rekna som eigenproduksjon.
Lesarbrev, typisk meiningsytringar om aktuelle saker eller om journalistikken til avisa, vil ikkje bli rekna som eigenprodusert innhald.
Personaliastoff, slik som til dømes bursdagshelsingar, informasjon om fødslar og ekteskapsinngåingar, blir ikkje rekna som eigenprodusert innhald.
TV-guidar, vêr, kryssord og anna liknande stoff, vil heller ikkje reknast som eigenprodusert innhald. Det same gjeld teikneseriar, med mindre dei er originalt produserte for avisa, og avisa også har førstegongspubliseringa.
Berre saker som er publiserte for første gong i kalenderåret før tilskotsåret kan teljast med. Re-publiserte saker frå tidlegare år kan derfor ikkje takast med i teljinga av eigenproduserte saker.
Byråstoff, delt stoff produsert av andre redaksjonar, rein formidling av andres pressemeldingar, reine sitatsaker, og annan gjenbruk utan eiga journalistisk bearbeiding av saker som er publiserte i eit anna medium først, kan ikkje reknast som eigenproduserte.
Ei nyheitssak kan som hovudregel berre blir rekna som eigenprodusert éin gong. Versjonert stoff i betydninga av at ei opphavleg sak blir tilpassa i ulike utgåver eller format, til dømes for å bli publisert på ulike plattformer, vil ikkje kunne medreknast.
Kunstig intelligens (KI) er eit verktøy som kan brukast for å produsere tekst. For at ei sak der KI-tenester er nytta skal kunne reknast som eigenproduksjon, må mediet sine eigne journalistar ha gjort ei sjølvstendig journalistisk bearbeiding. Det vil ikkje vere tilstrekkeleg at redaksjonen har kvalitetssikra det KI-genererte innhaldet før publisering.
Saker som berre består av korte KI-genererte oppsummeringar som blir publiserte vil ikkje kunne reknast som eigenproduserte. Det same gjeld automatiserte saker der KI-tenester har samanlikna informasjon basert på offentleg tilgengelige data, som til dømes eigedomsoverdragingar, børsnoteringar, registerdata og sportsresultat.
Omsetjingar
Kvalifisere for tilskot
For å kvalifisere til tilskot etter ordninga, er det eit krav om ei viss mengd eigenproduksjon. Det generelle kravet følgjer av forskrifta § 5 første ledd bokstav i, som seier at mediet må publisere minst 480 eigenproduserte saker per år. For høgfrekvente nyheits- og aktualitetsmedium er kravet sett til minst 2 500 eigenproduserte saker per år, jf. forskrifta § 11 nr. 2.
Når det skal vurderast om mediet kvalifiserer til tilskot etter anten § 5 første ledd bokstav i, eller § 11 nr. 2, kan som nemnt ei nyheitssak som hovudregel berre blir rekna som eigenprodusert éin gong. Det inneber at eigenproduserte omsette artiklar frå norsk til samisk, blir talt som eigenprodusert éin gong, anten den norske eller den samiske artikkelen. Det vil seie at den same artikkelen på norsk og samisk, ikkje kan teljast som to artiklar.
Berekning av variabelt tilskot
Tilskotsordninga har også eit eksplisitt formål om å fremje utvikling av dei samiske språka, jf. forskrifta § 1.
Produksjonstilskotet til høgfrekvente og lågfrekvente samiske nyheits- og aktualitetsmedium, består av eit grunntilskot og eit variabelt tilskot. Ved berekninga av det variable tilskotet blir det lagt til grunn at ein omsett eigenprodusert artikkel frå norsk til samisk tel inn i denne berekninga.
Det same gjeld ved berekning av tilskot til eigenproduserte saker på samiske språk etter § 14.
Den omsette samiske saka vil vere ein del av berekningsgrunnlaget for variabelt tilskot (§ 12) og ved berekning av tilskot til eigenproduserte saker på samiske språk (§ 14).
Dersom ein publikasjon omset innhald som ikkje er eigenprodusert (t.d. rein omsetjing av byråstoff), vil dette ikkje kunne inngå i berekninga av variabelt tilskot eller tilskot til saker på samiske språk etter §§ 12 eller 14.
KI-omsette artiklar frå norsk til samisk vil heller ikkje reknast med etter §§ 12 eller 14.
Hold deg oppdatert på hva som skjer i Medie-Norge med Medietilsynets nyhetsbrev: 📰Abonner på nyhetsbrevet her