1. Startsida
  2. Nyheter
  3. Nyhetssaker

Nyhetssaker

Endra aldersgrense på ny familiefilm etter tilsyn

Kinosal fotografert fra bak i rommet. Det sitter personer på en del av de røde setene, men ikke på alle. Lengst unna kamera er det film på kinolerretet, men vi kan ikke se hva publikum ser på.
Illustrasjonsbilde fra kino. Publikum ser ikke filmen som er omtalt i saken.

Den nye kinofilmen “Hundemannen” har fått ny aldersgrense etter at Medietilsynet har ført tilsyn med han. Filmen har nå aldersgrense 6 år mens den først var merka “tillaten for alle”.

Hundemannen har ordinær premiere fredag 11. april. Medietilsynet førte tilsyn med filmen etter førpremieren, som var den 5. april.  

– Medietilsynets vurdering var at aldersgrensa på denne filmen burde vere 6 år. Det er den gjennomgåande intensiteten i filmen som etter vår vurdering gjer at den ikkje skal ha aldersgrense tillate for alle, seier avdelingsdirektør Hanne Sekkelsten. 

Distributøren av filmen, United International Pictures, endra aldersgrensa på Hundemannen frå tillate for alle til 6 år så fort dei blei kjente med Medietilsynets vurdering. Sekkelsten understrekar at dialogen med distributøren har vore god, og rosar dei for rask endring etter tilsynet.  

Dei yngste kan sjå med ein vaksen 

Sjølv om filmen nå har fått aldersgrense 6 år, kan barn under 6 år sjå Hundemannen på kino dersom dei er saman med ein føresett. Bildeprogramlova opnar for at barn kan sjå kinofilm med eitt trinn høgare aldersgrense enn alderen til barnet tilseier når dei er i følge med føresette eller andre i staden for føresette. 

– Endringa av aldersgrensa er eit varsel til foreldra om at intensiteten i denne filmen kan vere overveldande for dei aller yngste barna. Hundemannen har kraftige lyd- og bildeeffektar, og det er veldig få pausar til å kunne behandle inntrykka, seier Sekkelsten.

Formålet med aldersklassifisering er å verne barn mot innhald som kan skape angst, verke skremmande eller vekke uro. Samtidig må dette balanserast mot retten barna har til informasjon og tilgang til medieinnhald.

  Abonner på nyheter (RSS)