1. Startsida
  2. Nyheter
  3. Nyhetssaker

Nyhetssaker

Forbod mot reklame i radio og tv i påska

Nærbilde av fjernkontroll med uskarp tv-skjerm i bakgrunnen.

Radio- og tv-kanalane har ikkje lov til å sende vanleg reklame langfredag og 1. påskedag. Mange av kringkastarane vel å gi bort reklameplassen til ideelle organisasjonar desse dagane.

På tv og i radio er det ikkje tillate å sende reklameinnslag fire dagar kvart år: Langfredag, 1. påskedag, 1. pinsedag, og 1. juledag. Formålet med regelen er at publikum ikkje skal bli utsett for kommersielle bodskapar gjennom media desse høgtidsdagane. Forbodet gjeld ikkje for strøymetenester. 

– Kringkastarane overheld reklameforbodet på ein god måte. Dei siste åra har vi i Medietilsynet ikkje sett nokon slike brot, fortel Hanne Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet. 

Langfredag er i år den 18. og 1. påskedag den 20. april. Dersom ein kringkastar bryt regelen, kan Medietilsynet gje sanksjon i form av ei åtvaring, eit regelbrotsgebyr eller eit tidsavgrensa forbod mot å sende reklame.  

På Medietilsynets sider kan du lese meir om forbodet mot å sende reklame desse fire dagane i året.

  Abonner på nyheter (RSS)