1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyheitsarkiv
  4. Aktuelt 2015

Nytt fra Medietilsynet

Medietilsynets årsrapport og eigarskapsmelding for 2014 er ute – i heildigitalt format

No kan du lese kva Medietilsynet la vekt på og gjennomførde i 2014 - og få innblikk i eigarskapssakene som prega media i fjor. Vi er stolte av å kunne presentere dette i vårt nye webrapportformat.

Endringar er nøkkelordet

2014 var prega av endringar i regelverk for media, så vel som i teknologi, distribusjonsform og brukarmønster. Dette preget Medietilsynets verksemd og metodikk. Europeisk regelverk får stadig større innverknad for mange land, inkludert Noreg, og dette gir nye utfordringar, slik som med AMT-direktivet. Eit tilsyn må ta del i det å opplyse og rettleie bransjen slik at dei best mogeleg kan vidareutvikle seg i tråd med nye reglar og avgjerder.

– Det har vore viktig for oss å vere i dialog med bransjen for å unngå misforståingar og leggje eit godt grunnlag for etterleving av lovane og mediemangfald, seier direktør Tom Thoresen. – Rettleiing som tilsynsmetode vil også vere viktige for oss i åra framover.

Les om Medietilsynets aktivitetar i 2014 i årsrapporten - der du blant anna vil finne meir om kor vi er etter 200 år med ytringsfridom, bakgrunnen for, og arbeidt med, ny lov for beskyttelse av barn i biletmedium.

Openheit om medieeigarskap

Det var ingen store endringar på konsernnivå i 2014.  Medieeigarskap er likevel eit svært aktuelt tema, ikkje minst internasjonalt.
– I Europa går det no ein debatt om openheit eller «transparency» om medieeigarskap bør regulerast på EU-nivå.  Det er, ikkje uventa, usemje om behovet for å harmonisere eit slikt regelverk på EU-nivå, fortel Tor Erik Engebretsen, direktør for Tilskot, marknad og økonomi.

I Eigarskapsmeldinga finn du også oversikt over opplagstal og lyttar- og sjåartal for dagspresse, radio og tv.

Webrapportane er utvikla i Layup av Cipio (betaversjon) og grafisk formgiving er av Page Black - vi mottek gjerne tilbakemeldingar om rapportane, både om brukervenleik og innhald: raba@medietilsynet.no