1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyheitsarkiv
  4. Aktuelt 2016

Nytt fra Medietilsynet

Tilskot til lokale lyd- og bildemedium 2016

Medietilsynet har motteke 265 søknader om nesten 40 millionar kroner til tilskot til lokale lyd- og bildemedium. Halvparten av desse har søkt om stønad til digitalisering av lokalradio. Ramma for denne tilskotsordninga i år er 13,7 millionar kroner.

Radio

Det er i alt søkt om over 30 millionar kroner til radioverksemd fordelte på 210 søknader frå 68 aktørar.

Av desse er det søkt om 600 000 kroner til drift av tolv etniske og minoritetsspråklege radiostasjonar. Det er søkt om tilsaman 2,5 millionar kroner frå fire ulike lokalradioorganisasjonar. 1,2 millionar er søkt om til utviklingsprosjekt, og nesten to millionar kroner er søkt om til kompetansehevande tiltak. Det er søkt om 5,5 millionar kroner til lokale programproduksjonar.

Digitalisering av lokalradio

I tillegg til desse tradisjonelle søknadskategoriane har det i år også vore mogeleg å søkje om investeringsmidlar til digitalisering av lokalradio. Her har 24 radiostasjonar søkt om 5,6 millionar kroner til digitalisering av lokalradiostasjonen. I tillegg har elleve aktørar søkt om 13,2 millionar kroner i investeringsstønad til å byggje digitale radionett. Til saman utgjer dette nesten 19 millionar kroner.

Tv

Det er i alt søkt om over ni millionar kroner til lokal-tv-verksemd fordelte på 55 søknader frå 19 aktørar.

Det er søkt om éin million kroner frå éin lokal-tv-organisasjon. Det er søkt om 350 000 kroner er til utviklingsprosjekt, og 500 000 kroner blir brukte ønskt til kompetansehevande tiltak. Det er søkt om 7,2 millionar kroner til lokale tv-programproduksjonar.

Søkjarane kan forvente svar på søknadene sine i løpet av juni.