1. Startsiden
  2. Om Medietilsynet
  3. Aktuelt 2019

A-Media får forlengd tidsavgrensa DAB-anleggskonsesjon på Vestlandet

Anleggskonsesjonen til A-media er tidsavgrensa, og forlenginga gir ikkje føringar for vidare bruk av ressursen etter utløpet av konsesjonen. Foto Medietilsynet

Radiokanalar i Rogaland og Sunnhordland får fortsette DAB-sendingane i Riksblokk II-netta fram til det blir endeleg bestemt kva dette nettet skal brukast til vidare framover.

Norkring leverte tilbake anleggskonsesjonen og sendeløyvet sitt for Riksblokk II med verknad frå 16. mai i år. Medietilsynet og Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) leverte 21. juni i år si tilråding til Kulturdepartementet om framtidig bruk av Riksblokk II, der det blei foreslått å bruke dette nettet til riksdekkande digital radio i framtida.

– Den politiske behandlinga av framtidig bruk av Riksblokk II er ikkje ferdig. Derfor har Kulturdepartementet bedt oss forlenge den tidsavgrensa anleggskonsesjonen til A-Media slik at kanalane som i dag sender på Riksblokk II i Rogaland og Sunnhordland kan fortsette sendingane sine fram til det blir ei endeleg avklaring, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.

– Det er viktig å presisere at anleggskonsesjonen er tidsavgrensa, og at forlenginga ikkje gir føringar for vidare bruk av ressursen etter utløpet av konsesjonen, seier Velsand.

Konsesjonen utløper seinast 31. desember 2020.

Ved pressespørsmål, ta kontakt med Nina Bjerke.