1. Startsiden
  2. Om Medietilsynet
  3. Aktuelt

20 millionar i støtte til lokalkringkasting

Lokalkringkasting: Omkring halvparten av støttemidlane skal øyremerkast prosjekt som bidrar til å digitalisere lokalradioane i landet. I tillegg er det bestemt at prosjekt som stimulerer til bruk av norsk musikk, skal prioriterast. Foto Medietilsynet

Onsdag 20. november er frist for å søke om støtte til lokale radio- og tv-aktørar. I statsbudsjettet for neste år foreslår regjeringa eit samla tilskott på 20,4 millionar kroner. – Støtteordninga er viktig for mediemangfaldet, og også i år blir prosjekt som skal digitalisere lokalradioen eller fremme norsk musikk, prioriterte, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.

Medietilsynet delte i fjor ut 19,8 millionar kroner i støtte til lokale radio- og tv-aktørar. Endeleg tildelingsramme for 2020 blir vedtatt av Stortinget når statsbudsjettet for neste år blir behandla.

I tillegg til lokale radio- og tv-stasjonar omfattar støtteordninga anleggskonsesjonærar i digitale lokalradionett og nasjonale bransjeorganisasjonar som Norsk Lokalradioforbund, studentradioane i Noreg og Landslaget for lokalaviser (LLA).

Omkring halvparten av støttemidlane skal øyremerkast prosjekt som bidrar til å digitalisere lokalradioane i landet. I tillegg har Kulturdepartementet bestemt at prosjekt som stimulerer til bruk av norsk musikk, skal prioriterast når det blir fordelt midlar til programproduksjonar og utviklingsprosjekt.

Det er mogleg å søke om

  • investeringstilskott til digitalisering av lokalradio
  • prosjekttilskott til lokale programproduksjonar
  • prosjekttilskott til utviklingsprosjekt
  • prosjekttilskott til kompetansehevande tiltak
  • driftstilskott til lokalradioar for etniske og språklege minoritetsgrupper
  • driftstilskott til nasjonale samanslutningar for lokale lyd- og bildemedium

Svar på søknadene er forventa i mars 2020.

Medietilsynet vedtar kven som får støtte etter at søknadene er behandla av Fagutvalet for tilskott til lokale lyd- og bildemedium.

Slik søker du

Alle må søke via portalen «Min side», som er Medietilsynets nye sjølvbeteningsløysing for søknader om støtte.

For å kunne bruke portalen må du registrere deg som brukar av «Min side». Det gjer du ved å sende ein e-post til med følgande informasjon:

  • selskapsnamn
  • namn på kontaktperson
  • e-postadresse til kontaktperson

Husk å registrere deg som brukar på «Min side» i god tid og minst to dagar før søknadsfristen går ut. Søknadsfristen er onsdag 20. november 2019.

Sjå her for meir informasjon om søknadsportalen «Min side», rettleiing og støtteordninga

Ta kontakt med Jon Stjernstedt for meir informasjon om ordninga. For pressespørsmål, ta kontakt med Nina Bjerke.

  Abonner på nyheter (RSS)