1. Startsiden
  2. Om Medietilsynet
  3. Aktuelt

Allmennkringkastingsrapporten for 2019: NRK har fortsatt for lite nynorsk på nett, men oppfyller alle dei andre krava

NRK hadde eit solid tilbod i 2019, som i det store og heile oppfylte samfunnsoppdraget, meiner Medietilsynet. For første gong på tre år leverte allmennkringkastaren på kravet om innhald til unge på samisk, men NRK klarte heller ikkje i fjor kravet til nynorsk på nett.

Som offentleg finansiert allmennkringkastar skal NRK sikre heile befolkninga tilgang på eit breitt og kvalitativt godt medietilbod, og dermed bidra til å styrke det norske mediemangfaldet. Medietilsynet har ansvar for å kontrollere at NRK fyller dei ulike krava og har konkludert med at allmennkringkastaren leverte på dei aller fleste områda i 2019.

Berre eitt brot i 2019

– NRK hadde eit solid og variert tilbod i 2019 som bidrar positivt til det norske mediemangfaldet, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet. Medietilsynet har konkludert med NRK fylte alle krava så nær som eitt i fjor, nemleg kravet til 25 prosent nynorsk på nett.

– NRK har auka nynorskdelen dei siste par åra, og oppfylte i 2019 kravet både på radio og TV. Også på nett har nynorskdelen auka, men med 18 prosent er NRK framleis eit godt stykke unna kravet på minimum 25 prosent, seier Velsand.

For første gong på tre år oppfylte NRK i 2019 kravet om jamlege program for unge på dei samiske språka, gjennom eit dagleg, direktesendt radioprogram for ungdom. NRK har også daglege program for barn og resten av den samiske befolkninga og program for nasjonale og språklege minoritetar.

– NRK har ei viktig oppgåve med å styrke dei samiske språka og samisk identitet og kultur. Medietilsynet er glad for at også ungdom no har fått eit jamleg tilbod på samisk, seier Velsand.

Styrker mediemangfaldet gjennom samarbeid

NRK skal fremme den offentlege samtalen og gi befolkninga laupande oppdatert og fordjupande informasjon. Medietilsynet meiner at NRK hadde ei brei og balansert dekning av kommune- og fylkestingsvalet i 2019 både lokalt, regionalt og nasjonalt. I dekninga av valkampen samarbeidde NRK også med andre mediehus regionalt og lokalt, blant anna om folkemøte og debattar.

– I 2019 bidrog NRK til å styrke mediemangfaldet i Noreg også gjennom å legge til rette for samarbeid med andre medieaktørar, både i samband med valet og gjennom andre journalistiske samarbeidsprosjekt, seier Velsand.

NRK er til stades regionalt i alle fylke

I tillegg til eit breitt nasjonalt og internasjonalt nyheits- og aktualitetstilbod og løpande nyheiter på radio, TV og nett, produserer NRK eigne nyheitsprogram for ulike aldersgrupper, blant anna Supernytt for barn, N17 og P3nyheter for ungdom.

NRK har også eit særleg ansvar for å reflektere det geografiske mangfaldet i Noreg og skal vere til stades i alle fylke. I 2019 tilpassa NRK distriktskontorstrukturen til den nye fylkesinndelinga som gjeld frå 2020. NRK har no fast nærvær 43 stader i landet.

Medietilsynets vurdering av eit utval av krava til NRK

  • NRK bidrar til mediemangfaldet i Noreg gjennom å oppfylle allmennkringkastingsoppdraget sitt. Oppdraget til NRK er utforma for å sikre eit breitt og kvalitativt godt tilbod som skal vere tilgjengeleg for heile befolkninga.
  • Det samla tilbodet til NRK i 2019 hadde høg kvalitet og ei stor breidde i tematikk og sjangrar. NRK hadde eit solid innhaldstilbod som er ei kjelde til innsikt, refleksjon, oppleving og kunnskap.
  • NRK har eit breitt nyheits- og aktualitetstilbod, ei rekke debattprogram og faste program som forklarer nyheitsbildet og set det inn i ein større samanheng. NRK hadde ei brei dekning av kommune- og fylkestingsvalet i 2019.
  • NRK oppfyller krava til lokalt nærvær og lokal innhaldsproduksjon, og har distriktssendingar alle kvardagar.
  • NRK oppfyller kravet om å ha eit tilbod til både breie og smale grupper i befolkninga og tilbod som appellerer til ulike aldersgrupper. NRK har også sendt program for nasjonale og språklege minoritetar i 2019.
  • NRK har eit breitt tilbod til syns- og høyrselshemma, og arbeider systematisk og godt med universell utforming av innhaldstilbodet sitt.
  • NRKs sportssendingar dekker både breidda i norsk idrettsliv og store idrettshendingar, inklusive idrettsutøvingane til dei funksjonshemma.
  • NRK har eit breitt og variert kulturtilbod og oppfyller dei ulike krava knytte til formidling av norsk drama og ein variasjon av norske kulturuttrykk.
  • NRK oppfyller kravet til å spegle den religiøse arven i Noreg og eit mangfald av livssyn og religionar i det norske samfunnet.
  • NRK oppfyller krava om å spele minst 40 prosent norsk musikk i NRK P1 og NRK P3 med god margin, og delen norsk musikk i NRK P2 ligg med 39,6 prosent marginalt under kravet.
  • NRK oppfyller krava til at allmennkringkastingstilbodet skal vere reklamefritt og at NRK skal utvise særleg varsemd med å tilby innhald som utset publikum for kommersielt press, særleg i program retta mot barn og unge.

Les heile rapporten her

  Abonner på nyheter (RSS)