1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyheitsarkiv
  4. Aktuelt 2019

Nytt fra Medietilsynet

Brukarinntektene aukar, men lønnsemda er svekka siste år

Økonomien i norsk mediebransje: – Tala viser at det å klare å ta betalt for innhaldet blir sentralt for økonomien i medieverksemdene framover, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet. Foto Medietilsynet

I dag legg Medietilsynet fram ein samla rapport om den økonomiske utviklinga i norsk mediebransje det siste året. Oppsummert aukar brukarinntektene, reklameinntektene faller og lønsemda er svekka frå 2017 til 2018. – Tala viser at det å klare å ta betalt for innhaldet blir sentralt for økonomien i medieverksemdene framover, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.

Norske aviser og dei nasjonale tv-kanalane hadde 10,9 milliardar kroner i brukarinntekter i 2018, ein auke på 24 prosent frå 2014. Frå 2017 til 2018 var auken på 6 prosent. Auken var størst for dei kommersielle tv-kanalane, med 478 millionar kroner, eller 13 prosent. Dei siste fem åra har dei kommersielle tv-kanalane nesten dobla inntektene sine frå sal av premiumkanalar og distribusjon.

Distributørane tar den største delen av tv-inntektene

Totalt brukte den norske befolkninga over 12 milliardar kroner på å kjøpe tv-kanal-pakker og abonnement på strøymetenester i 2018, viser ei oversikt i økonomirapporten frå Medietilsynet. Distributørane sit att med meir enn halvparten av inntektene (52 prosent), 34 prosent gjekk til nasjonale tv-kanalar og 14 prosent til dei globale strøymeaktørane.

Framleis fall i annonseinntekter

Både aviser, tv og radio opplever no fall i annonseinntektene. Avisene har dei siste fem åra mista 2,3 milliardar kroner i annonseinntekter, og 2018 var det første året med fall også for tv-aktørane. Dei nasjonale radioselskapa får i hovudsak inntektene sine frå reklamesal. I 2018 fall annonseinntektene i radioverksemdene med 8,5 prosent, tilsvarande 45 millionar kroner.

Svekka lønnsemd

Dei norske avisene og tv- og radioselskapa omsette for til saman 26,7 milliardar kroner i 2018. Det er ein auke på 257 millionar kroner, eller knapt éin prosent, frå 2017. Lønnsemda både for avisene og dei nasjonale tv- og radio-selskapa blei svekka i 2018 mot året før.

Rapport for norsk medieøkonomi 2014 - 2018

 

Norsk medieøkonomi i tal

  • Dei norske avisene og tv- og radioselskapa omsette for til saman 26,7 milliardar kroner i 2018. Det er ein auke på 257 millionar kroner, eller knapt éin prosent, frå 2017
  • Fram til 2017 var reklamemarknaden for tv og radio i vekst, men frå 2017 til 2018 fall reklameinntektene i desse kanalane med totalt 212 millionar kroner, tilsvarande 4,7 prosent
  • Totalt auka inntektene til dei nasjonale tv-kanalane med 310 millionar kroner, eller 4,1 prosent, i 2018. Årsaka var ein solid vekst i brukarinntektene
  • Brukarinntektene til dei nasjonale tv-kanalane auka med 478 millionar kroner frå 2017 til 2018, tilsvarande 13 prosent. Brukarinntektene kjem hovudsakleg frå sal av premiuminnhald og distribusjon
  • Lønnsemda til dei nasjonale tv-kanalane har falle dei siste fem åra som følge av høgare driftskostnader. I 2018 hadde dei nasjonale kringkastarane eit driftsunderskott på totalt 68 millionar kroner. Hovudårsaka til underskottet var at Discovery skreiv ned senderettar med over 400 millionar kroner
  • Dei nasjonale radioselskapa får i hovudsak inntektene sine frå reklamesal. I 2018 fall reklameinntektene med 8,5 prosent, tilsvarande 45 millionar kroner, og lønnsemda til radioselskapa blei svekt
  • Avisene som tar betalt hadde 11,5 milliardar kroner i driftsinntekter og eit driftsresultat på 824 millionar kroner i 2018 (ikkje medrekna produksjonstilskott). Driftsinntektene var omtrent på nivå med 2017, mens driftsresultatet gjekk ned med 69 millionar på grunn av auka kostnader
  • Avisene som tar betalt hadde 6,7 milliardar kroner i brukarinntekter (inntekter frå abonnement og laussal) i 2018, ein auke på 2 prosent frå 2017. Heile veksten kom frå dei digitale utgåvene
  • Avisene som tar betalt hadde 4,4 milliardar kroner i reklameinntekter i 2018, ein nedgang på 119 millionar kroner eller 2,7 prosent frå året før. Dei siste fem åra har avisene mista 2,3 milliardar kroner i reklameinntekter, ein nedgang på 34,1 prosent
  • Driftsinntektene til gratisavisene var 208 millionar kroner i 2018, ein nedgang på 18,2 prosent eller 46 millionar kroner frå året før. Gratisavisene hadde eit driftsoverskott på 4,1 millionar kroner og ein driftsmargin på 2 prosent i 2018. Gratisavisene stod for 1,8 prosent av dei samla driftsinntektene til heile avisbransjen i 2018

Medietilsynet har tidlegare i haust publisert to delrapportar om økonomien i avishusa og økonomien for kringkastarane.