1. Startsiden
  2. Om Medietilsynet
  3. Aktuelt

Enklare registrering for kringkastarar

Medietilsynet utvidar sjølvbeteningstenesta Min side, og har no opna for registrering av kringkasting. Kringkastarar som er etablert i Noreg og skal sende via satellitt, internett eller kabel har plikt til å registrere seg.

Kringkastingsregelverket omfattar mellom anna alle som driv tv- og radioverksemd, inkludert lokalsendingar. Registreringsplikta gjeld til dømes alle lokalradioar som i tillegg til å ha konsesjon til FM eller DAB, distribuerer sendingane sine via internett.

Min side er Medietilsynets sjølvbeteningsportal, der du som driv medieverksemd kan søkje, registrere og rapportere på ulike ordningar og plikter. Les meir og register deg her.

  Abonner på nyheter (RSS)