1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyheitsarkiv
  4. Aktuelt 2019

Nytt fra Medietilsynet

Fleirtalet av befolkninga er nøgd med radiotilbodet i Noreg

Dei fleste er nøgde med det totale radiotilbodet, innhaldet i radiosendingane og tal på tilgjengelege kanalar. Det viser ei ny undersøking om radiotilbodet i Noreg. Foto: Medietilsynet

Over halvparten av befolkninga er nøgde med det totale radiotilbodet i Noreg. Det viser ei ny undersøking Kantar Media har gjort på oppdrag frå Medietilsynet og dei største radioaktørane. Knappe tre av ti er verken nøgde eller misnøgde eller har inga meining om radiotilbodet.

Under to av ti er misnøgde med dagens radiotilbod totalt sett, ifølge undersøkinga. Når det gjeld innhaldet i radiosendingane er seks av ti nøgde, mens nesten sju av ti er nøgde med tal på kanalar. Det er første gong Medietilsynet spør kor nøgde befolkninga er med radiotilbodet i Noreg.

– Undersøkinga viser at dei fleste er nøgde med det totale radiotilbodet, innhaldet i radiosendingane og tal på tilgjengelege kanalar. Ein fjerdedel har inga bestemt meining om radiotilbodet, og to av ti er misnøgde. Dette er tal som kan vere viktig for radioaktørane når dei skal utvikle tilbodet sitt vidare. Medietilsynet vil også følge utviklinga framover, seier Mari Velsand direktør i Medietilsynet.

Noko misnøye med dekninga

Over halvparten av befolkninga er nøgde med dekninga, mens ein fjerdedel er misnøgde. Litt under to av ti er verken nøgde eller misnøgde med dekninga.

Det er Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) som kontrollerer dekninga. Nkom berekna i 2016 at 99,7 prosent av befolkninga har DAB-dekning der dei bur. Sendarnetta har dei siste to – tre åra blitt ytterlegare bygde ut.

Undersøkinga viser også at over ni av ti radiolyttarar lyttar på radio digitalt, eitt år etter at dei riksdekkande kanalane i Noreg gjekk frå å sende på FM til digitale sendingar. Det er nesten ei dobling frå 2014. Tala gjeld for all radiolytting, det vil seie alle som lyttar til lokale, regionale og nasjonale radiokanalar.

Mengda DAB-radioar i bil og heim aukar framleis

For å lytte til radio kan du bruke DAB-radio, FM-radio, digital tv-mottakar, PC, smarttelefon, nettbrett og internettradio. Undersøkinga viser at tal på DAB-radioar aukar, både i bil og i heimen, mens tal på FM-radioar i bil og i heimen går ned.

I gjennomsnitt har kvar husstand litt over ti apparat til å lytte på radio, både digitalt og på FM. Det finst no omkring 3,6 millionar FM-radioar i Noreg, ein nedgang på 1,1 millionar apparat på eitt år. Til samanlikning finst det nesten seks millionar DAB-apparat i Noreg. Det er ein auke på nesten 350 000 apparat på eitt år.

Utgreier om lokalradioane skal fortsetje på FM

Medietilsynet utgreier no kvarvidt lokalradiostasjonar skal få høve til å fortsette å sende på FM-nettet etter 2021, og eventuelt på kva vilkår. Tilsynet skal levere tilrådinga si til Kulturdepartementet i mai.

Dette meiner befolkninga om radiotilbodet

  Svært nøgd/
ganske nøgd
Verken nøgd eller misnøgd Svært misnøgd/ ganske misnøgd Veit ikkje/
inga meining
Det totale radiotilbodet 55 % 24 % 17 % 4 %
Innhaldet på radio 62 % 26 % 6 % 6 %
Mengda kanalar på radio 67 % 17 % 6 % 10 %
Radiodekning / radiomottaket 52 % 18 % 26 % 5 %

Digitalradioundersøkinga er gjennomført av Kantar Media for Medietilsynet, NRK, P4-gruppa, Bauer Media Group og Norsk Radio. Undersøkinga har eit representativt utval på 1 000 respondentar.

For meir informasjon, ta kontakt med Nina Bjerke