1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyheitsarkiv
  4. Aktuelt 2019

Nytt fra Medietilsynet

Medietilsynet støttar forslaget om momsfritak for elektroniske bøker og tidsskrifter

Kvinne intervjuar med mobiltelefon. Foto: Medietilsynet/ Thomas Ekström
Momsfritak eller ikkje: Medietilsynet foreslår å fjerne avgrensinga mot tidsskrift som inneheld lyd og film i sitt høyringssvar til Skatteetaten. Foto Medietilsynet/ Thomas Ekström

Å skilje mellom lyd og levande bilete frå andre publiseringsform kan hemme utviklinga av tenestetilbodet til befolkninga, derfor går Medietilsynet inn for å likestille elektroniske bøker og tidsskrifter med tilsvarande publikasjonar.

Lyd og levande bilete gir nytteverdi for fleire mediebrukarar

Å ekskludere ytringar i form av lyd og levande bilete (video) frå framtidige elektroniske versjonar av tidsskrifter virke hemmande for utviklinga både av tidsskriftformatet, og den einskilde publikasjonen. Medietilsynet meiner at nye og endra tenestetilbod skal reknast med, fordi det aukar nytteverdien for lesarane og kan bidra til å fremje mediemangfaldet. Medietilsynet foreslår derfor å fjerne avgrensinga mot tidsskrift som inneheld lyd og film.

Forenkla avgiftshandtering kan gi negative konsekvensar for både medietilbod og lønnsemd

Skattedirektoratet ønskjer å leggje til rette for ei forenkla avgiftshandtering av samleabonnement der tenester i abonnementet kan ha ulik avgiftsstatus ettersom dei inngår under dagens fritak for elektroniske nyheitstenester eller ikkje. Dette gjer at dersom abonnementet inneheld eit enkelt element som ikkje er friteke, skal heile abonnementet fakturerast med moms.

Eit døme på dette er TV 2 Nyhetskanalen som i dag får fritak for meirverdiavgift. Nyhetskanalen blir omsett som ein del av kanalpakkar hos ulike TV-distributørar, men også som ein kanal som blir omsett enkeltvis eller i pakkar for eksempel via TV 2s nettilbod Sumo.

Medietilsynet meiner at dette kan få utilsikta konsekvensar for tenestetilbydarar, og at ei slik avgrensing kan redusere lønnsemd. Det vil igjen kunne få negative konsekvensar for tilbodet til publikum og mediemangfaldet. Vi foreslår derfor at konsekvensane bør utgreiast nærmare.

Les Skatteetatens høyringsforslag og Medietilsynets høyringssvar her.

For meir informasjon, ta kontakt med Hanne Nistad Sekkelsten