1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyheitsarkiv
  4. Aktuelt 2020

Nytt fra Medietilsynet

Kompensasjonsordninga: 34 fleire medium har søkt koronastøtte sidan forskriftsendringa

Fleire har søkt om koronakompensasjon: Til saman 201 medium har no søkt om kompensasjon for inntektsbortfall etter forskrifta blei revidert. No skal Medietilsynet sjå på søknadane. Foto Medietilsynet
Fleire har søkt om koronakompensasjon: Til saman 201 medium har no søkt om kompensasjon for inntektsbortfall etter forskrifta blei revidert. No skal Medietilsynet sjå på søknadane. Foto Medietilsynet

Medietilsynet har mottatt 169 søknader for til saman 201 medium om støtte etter at søknadsfristen for kompensasjonsordninga gjekk ut 17. september. – Saksbehandlinga av dei innkomne søknadene har høgaste prioritet, og vi betaler ut støtte så snart som mogeleg, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.

For å få støtte, må mediet oppfylle kriteria for å kunne få kompensasjon for inntektsbortfall som følge av koronakrisa. Blant anna blir det stilt krav om at mediet må drive regelmessig journalistisk produksjon og kunne dokumentere å ha hatt eit fall i omsetninga på minst 15 prosent samanlikna med same periode i 2019.

Medietilsynet kjem til å berekne støttesummen til dei ulike medieverksemdene basert på den økonomiske informasjonen media no har sendt inn. Den økonomiske ramma til fordeling som er løyvd av Stortinget, er på 300 millionar kroner.

Det er 18 nettaviser, 95 aviser, 1 lokal-tv kanal, 20 radiokanalar og 67 tidsskrift (nett- og papirbaserte interesse- og medlemsblad) som har søkt om koronakompensasjon.

Sjå heile lista over søkarar til kompensasjonsordninga her.

Kompensasjonen blir fordelt slik:

Medium kan få kompensasjon for inntil 60 prosent av inntektsbortfallet frå 15. mars til 30. juni 2020, avgrensa oppover til 15 millionar kroner per føretak. Støttesum utrekna til under 25 000 kroner blir ikkje utbetalt.

Dersom den samla berekna kompensasjonen overstig ramma på 300 millionar kroner, blir alle utbetalingar avkorta med same prosent.

Kompensasjonen blir betalt ut ein gong per søkar, og det blir ikkje betalt ut forskott. Det blir berre gitt kompensasjon for inntektsbortfall som skuldast koronakrisa, og redusert arbeidsgivaravgift i 2020 blir trekt frå kompensasjonssummen.

Utrekna kompensasjon pluss driftsresultat for perioden 15. mars til 30. juni 2020 kan ikkje overstige driftsresultatet for enten eit gjennomsnitt av driftsresultatet for fjoråret multiplisert med 3,5 månader eller driftsresultatet for perioden frå og med 15. mars til og med 30. juni 2019.

Nokre av kriteria som må vere oppfylte for å kunne få kompensasjon:

  • Mediet må drive regelmessig journalistisk produksjon og publisere nyheiter, aktualitetsstoff, samfunnsdebatt eller anna innhald av allmenn interesse.
  • Mediet må ha ein redaktør.
  • Mediet må kunne dokumentere eit fall i omsetning på minst 15 prosent frå same periode i 2019 eller frå eit gjennomsnitt av driftsresultatet for fjoråret multiplisert med 3,5 månader.
  • Mediet må ha hatt minst ein tilsett registrert i arbeidsgivar- og arbeidstakarregisteret sidan 15. mars 2020. Minst ein tilsett må ha fått utbetalt lønn i perioden 15. mars til og med 30. juni 2020.
  • Mediet må ha levert lovpålagde rapportar for 2018 og må ha betalt skattar og avgifter.

Verksemder som ikkje er omfatta av ordninga:

  • Nyheitsbyrå
  • Verksemder som er under avvikling eller konkursbehandling
  • Produksjonsselskap og innhaldsleverandørar som ikkje publiserer sjølv
  • Medieplattformer som berre tilbyr brukargenerert innhald
  • Bloggarar, youtubarar og influensarar.

 

Les meir om kompensasjonsordninga for medium i samband med koronakrisa her.