1. Startsiden
  2. Om Medietilsynet
  3. Aktuelt

Medietilsynet gir korttidskonsesjonar: Drive-in-kino dukkar opp over heile landet

Medietilsynet har behandla over 40 søknader om ulike drive-in-arrangement sidan myndigheitene sette i verk koronatiltak i mars. Dei fleste søknadene gjeld kino. – Sjølv om folk sit kvar for seg i kvar sin bil, ser det ut til at drive-in-kinoen skaper ei fellesskapskjensle i ei tid der vi ikkje har høve til å vere så sosiale som vanleg, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.

Medietilsynet har også fått søknader om drive-in-arrangement i form av gudstenester, bingo, konsertar, quizar og standupar.

– Det er flott at det blir tatt initiativ til kulturopplevingar i trygge omgivnader i ei vanskeleg tid. Vi i Medietilsynet ønsker denne typen arrangement velkommen, og gjer vårt beste for å behandle søknadene så raskt som mogleg, seier Velsand.

Lyden blir send over FM-nettet – krev løyve frå myndigheitene

Drive-in-kinoane viser film i alle sjangrar, både for store og små.
– Sjølv om filmen blir vist utanfor den vanlege kinosalen, gjeld aldersgrensa for filmen på same måten som på vanleg kino. Det er det greitt å minne om, seier Velsand.

Lyden på eit drive-in-arrangement blir gjerne send via FM-nettet til bilradioen. Slik kringkasting krev konsesjon frå Medietilsynet og frekvensløyve frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom). Dersom det er snakk om eit kinofilm-arrangement, må kommunen gi løyve i tillegg.

– Å kringkaste lyd over FM-nettet er forbode utan løyve frå myndigheitene, så vi oppfordrar alle som går med planar om å sette opp eit drive-in-arrangement, om å søke om dei nødvendige løyva. Medietilsynet hjelper gjerne med rettleiing, seier Velsand.

Hugseliste for å sette opp drive-in-kino:

  Abonner på nyheter (RSS)