1. Startsiden
  2. Om Medietilsynet
  3. Aktuelt

Medietilsynet skal fordele 34 millionar til samiske aviser

Fristen for å søke støtte for aviser som har den samiske befolkninga som hovudmålgruppe, er måndag 10. august. I år skal Medietilsynet fordele over 34 millionar kroner til samiske aviser.

– Støtteordninga skal legge til rette for demokratisk debatt, meiningsdanning og språkutvikling i det samiske samfunnet, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.

Søknadene blir behandla ferdig til hausten

Støtta blir vanlegvis fordelt utover året som tre kvartalsvise forskottsutbetalingar før den endelege utbetalinga i oktober.

– På grunn av den krevjande situasjonen mange medieverksemder har stått i som følge av koronaviruset, betalte vi ut tre av forskotta til dei fire avisene som er med i støtteordninga, allereie i mars. Vi betaler ut det siste støttebeløpet når søknadene er ferdig behandla i løpet av hausten, seier Velsand.

Fristen for å sende inn søknad om tilskott til samiske aviser er måndag 10. august.

Søknadsskjema finn du her

Les meir om støtteordninga for samiske aviser her

  Abonner på nyheter (RSS)