1. Startsiden
  2. Om Medietilsynet
  3. Aktuelt

Medietilsynet med tiltak mot påverking i valet til hausten

Regjeringa kom i dag med ein tiltaksplan som skal styrke motstandsdyktigheita mot påverking og hybride truslar i gjennomføringa av valet til hausten. Medietilsynet har vore del av arbeidsgruppa og skal gjere tiltak. Foto Pixabay
Regjeringa kom i dag med ein tiltaksplan som skal styrke motstandsdyktigheita mot påverking og hybride truslar i gjennomføringa av valet til hausten. Medietilsynet har vore del av arbeidsgruppa og skal gjere tiltak. Foto Pixabay

Regjeringa kom i dag med ein tiltaksplan som skal styrke motstandsdyktigheita mot påverking og hybride truslar i gjennomføringa av valet til hausten. Medietilsynet gjennomfører i år fleire tiltak knytte til kritisk medieforståing og falske nyheiter.

– Medietilsynets hovudoppgåver er å fremme demokrati og ytringsfridom gjennom å jobbe for mediemangfald og kritisk medieforståing.  Å bidra til at befolkninga er godt rusta til å avdekke falske nyheiter og styrke kjeldekritikken før val, er ei oppgåve vi tar på alvor, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.

Hybride truslar er blant anna desinformasjon, påverkingskampanjar og hacking av kritisk infrastruktur.

Kampanje om å avdekke falske nyheiter og undersøking om kritisk medieforståing

Medietilsynet skal gjennomføre to av dei ti tiltaka på Regjeringa si liste. Det eine tiltaket er allereie gjennomført, då tilsynet la fram dei første tala frå undersøkinga om kritisk medieforståing i befolkninga. Der kom det fram at særleg dei eldre (over 60) hadde størst problem med å avdekke falske nyheiter på nett. Seniornett Norge, faktasjekktenesta Faktisk og Bente Sollid Storehaug frå Digital hverdag var gjestar på Medietilsynets seminar der funna blei diskuterte.

Vidare skal Medietilsynet gjennomføre ein kampanje for korleis ein kan avdekke falske nyheiter i samband med valet hausten 2019.

Breitt samansett arbeidsgruppe

Arbeidsgruppa som står bak dei ti tiltaka i planen, har vore breitt samansett, og målet for tiltaka er å styrke motstanden mot påverking og hybride truslar både før og etter valet.

Arbeidsgruppa har vore leia av Kommunal- og moderniseringsdepartementet og har representantar frå Forsvarsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Utanriksdepartementet, Valdirektoratet, Politiets sikkerheitsteneste (PST), Nasjonal sikkerheitsmyndigheit (NSM), Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB), Etterretningstenesta (E-tenesta) og Medietilsynet.

Du kan lese dei ti tiltaka og heile tiltaksplanen her i Regjeringas pressemelding.

For pressehenvendingar, ta kontakt med Kristine Meek

  Abonner på nyheter (RSS)