1. Startsiden
  2. Om Medietilsynet

Våre oppgåver

Medietilsynet skal bidra til å realisere staten sitt mediepolitiske mål. Våre hovudoppgåver er å fremme demokrati og ytringsfridom gjennom å jobbe for mediemangfald og kritisk medieforståing. Vi rettleier om barn og unge sin bruk av digitale medium, set aldersgrenser for kinofilm, forvaltar støtteordningar, behandlar søknader om pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kulturdepartementet.

  1. Organisasjon
  2. Dette gjer vi
  3. Leiinga
  4. Jobbe i Medietilsynet
1

Organisasjon

Mari Velsand er direktør for tilsynet. Medietilsynet har tre avdelingar: juridisk og regulatorisk, kommunikasjon, rådgiving og analyse og avdeling for fellestenester.

Medietilsynet blir finansiert med midlar over statsbudsjettet. Driftsbudsjettet for 2018 er på vel 50 millionar kroner. Tilsynet sin rekneskap blir ført etter kontantprinsippet i staten.

Fellestenester - leia av Svein Erik Klemetsen

  • Avdelinga leverer fellestenester til heile Medietilsynet
  • Inkluderer alle administrative støttefunksjonar, IKT, verksemdsstyring, avgiftsinnkreving og registrering

Kommunikasjon, rådgiving og analyse - leia av Kristine Meek

  • Avdelinga har ansvar for kommunikasjons-, analyse- og rådgivingsarbeid
  • Avdelinga har ansvar for fagområda mediemarknad (inkl. mediemangfald, økonomi og eigarskap), kritisk medieforståing, og for å følge teknologiutviklinga relatert til mediebruk

Juridisk og regulatorisk - leia av Hanne Sekkelsten

  • Avdelinga har ansvar for tilsyn med at lover og forskrifter på medieområdet blir følgde og at tilsynsarbeidet blir gjennomført effektivt og hensiktsmessig
  • Avdelinga forvaltar dei tilskottsordningar som Medietilsynet har ansvar for
  • Avdelinga har hovudansvar for regelverksutvikling, høyringsfråsegner og internasjonalt arbeid
  • Avdelinga har ansvar for oppgåver knytte til konsesjonar
2

Dette gjer vi

Medietilsynet er underlagt Kulturdepartementet som gir rammene for arbeidet vårt gjennom eit årleg tildelingsbrev til oss. Våre oppgåver er i hovudsak desse:

  • Fører tilsyn med allmennkringkastingsforpliktingane til NRK og TV 2
  • Fører tilsyn med at tv- og radiokanalane overheld kringkastingsregelverket om reklame, sponsing og forbodet mot vald og pornografi i kringkasting
  • Gir løyve til og følgjer opp vilkåra for å drive og sende lokalradio
  • Fører tilsyn med konsesjonsvilkår for riksnettet for digital-tv
  • Set aldersgrenser på film som skal bli vist på kino
  • Innhenter kunnskap om barn og unge sin mediebruk
  • Rettleier barn og unge i bruk av digitale medium
  • Behandler søknader og utbetaler pressestønad til landets aviser
  • Behandler søknader om stønad til drift av lokalradio og lokal-tv
  • Følgjer med på medieutviklinga og gir råd og innspel til Kulturdepartementet innanfor medieområdet
  • Administrerer og er medlem av fleire medierelaterte råd og utval og administrerer fleire stønadordningar på mediefeltet
3

Leiinga

 

Direktør Mari Velsand

Frå 2014 til 2017 var Velsand konserndirektør i Amedia AS. Før det var ho blant anna konserndirektør i Tun Media, distriktsredaktør i NRK Hordaland, programredaktør i NRK og har arbeidt i Oppland Arbeiderblad. Mari er utdanna frå Norsk Journalisthøgskole og har mastergrad i ledelse frå BI. Ho tiltredde som direktør i Medietilsynet 1. september 2017.

Direktør for juridisk og regulatorisk avdeling, Hanne Nistad Sekkelsten

Jurist frå Universitetet i Oslo. Sekkelsten har variert erfaring frå ulike offentlege forvaltningsinstansar, blant anna frå Fylkesmannen i Østfold. Ho har også arbeidt som advokat i advokatfirmaet Din Advokatpartner AS, før ho blei tilsett i Medietilsynet i 2010.

Direktør for kommunikasjon, rådgiving og analyse, Kristine Meek

Meek har tidlegare vore leiar for eksternkommunikasjon i Telenor Norge. Ho har også vore leiar for samfunnsansvar same stad og har leia internkommunikasjon i Telenor India. Før ho starta i Telenor i 2010 jobba ho som kommunikasjonsrådgivar i Geelmuyden.Kiese. Meek har også vore journalist i fleire aviser. Ho er utdanna sosiolog ved Universitetet i Oslo og kjem frå Vestby.

Direktør for fellestenester, Svein Erik Klemetsen

Klemetsen er utdanna siviløkonom/MBA frå Lunds Universitet i Sverige. Han har lang medieerfaring frå Orkla Media, Schibsted ASA og Dagbladet / Aller Media. Klemetsen har jobba i fleire selskap som økonomidirektør/CFO og hatt fleire roller innanfor forretningsutvikling, IT/administrasjon og HR.

4

Jobbe i Medietilsynet

Ledige stillinger:

 

Vikariat:Prosjektleder til utvikling av nasjonal strategi for barn og medier

Søknadsfrist: 11. november 2020

Innsikt og tiltak for å bidra til en deltakende og trygg digital hverdag for barn og unge er et prioritert arbeidsområde for Medietilsynet. Tilsynet skal nå i gang med å utvikle en nasjonal strategi på feltet, og trenger en prosjektleder til å lede dette arbeidet.

Les mer om stillingen og søk her.

Fast stilling: Rådgiver/seniorrådgiver med kunnskap om teknologi og medieutvikling

Søknadsfrist: 11. november 2020

Mediebransjen er preget av store teknologiske endringer, og globale selskaper påvirker i økende grad både medievaner og medienes rammevilkår. Medietilsynet ønsker å styrke sin innsats og kompetanse på dette området, og søker derfor en rådgiver/seniorrådgiver med kunnskap om den teknologiske utviklingen, medietrender og internasjonale forhold på mediefeltet. 

Les mer om stillingen og søk her.

Fast stilling som rådgiver

Søknadsfrist 9. november 2020

Medietilsynet har ledig fast stilling som rådgiver med særlig ansvar for oppgaver relatert til kringkastingsregelverket. Ved internt opprykk kan det bli ledig et vikariat. Vi ber søkere opplyse om de er interessert i et eventuelt vikariat.

Les mer om stillingen og søk her

 

-------------------------------

Engasjert mangfald

Som tilsett i Medietilsynet får du jobbe med spennande og utfordrande oppgåver relatert til eit medielandskap i rivande utvikling. Vi har eit mangfaldig og fagleg sterkt miljø med engasjerte medarbeidarar.

Medietilsynet har om lag 35 tilsette fordelt på juridisk og regulatorisk avdeling, avdeling for kommunikasjon, rådgjeving og analyse og fellestenester. Dei fleste har høgare utdanning innan jus, medievitskap, samfunnsvitskap, økonomi og pedagogikk.

Vi i Medietilsynet er opptatte av mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte til å søke hos oss utan omsyn til alder, kjønn, funksjonshemming og geografisk eller etnisk bakgrunn. Vi held til i nyoppussa og moderne lokale sentralt i Fredrikstad.

HMS-arbeidet (helse, miljø og tryggleik) skal sikre ein trygg og triveleg arbeidsplass for alle tilsette. Medietilsynet er IA-bedrift (inkluderande arbeidsliv). IA-avtalen stiller krav til verksemda sitt arbeid med sjukefråvær når det gjeld førebygging, tilrettelegging og oppfølging av tilsette.

Vi er legg vekt på:

  • å vere eit fagmiljø med breitt samansett kompetanse og erfaringsbakgrunn
  • å ha positive og engasjerte medarbeidarar med stor interesse for fagområdet
  • kunnskapsdeling og kunnskapsutvikling og ein familievennleg og fleksibel personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar
  • tilrettelegging og moglegheit for trening i arbeidstida

Som tilsett i Medietilsynet blir du medlem av Statens pensjonskasse som blant anna gir lån til boligformål.