Medietilsynet held innspelmøte om trygg digital oppvekst
Den nye meldinga skal sjå nærmare på barne- og ungdomskulturen som ein del av kvardagslivet til barn og unge. I den anledning inviterer vi til opent innspelmøte 30. oktober kl. 10 - 14 på Litteraturhuset i Oslo.
- Sted
- Litteraturhuset i Oslo
- Tid
Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet har starta arbeidet med ei kulturmelding for barn og unge, der målet er å sikre best mogeleg kunst og kultur for barn og unge. Meldinga skal sjå nærmare på barne- og ungdomskulturen som ein del av kvardagslivet til barn og unge. Eit viktig tema i meldinga blir korleis vi best mogleg kan sikre gode og trygge rammer for barn og unge på den digitale arenaen. Det inkluderer blant anna dei unge sin rolle som produsentar og rammene for ytring og deltaking på digitale plattformer.
Medietilsynet har ansvar for å bidra til å trygge den digitale oppveksten for barn og unge og skal bidra til meldingsarbeidet innanfor dette temaet. I det høvet inviterer vi til opent innspelmøte:
30. oktober kl. 10.00–14.00
Litteraturhuset, Amalie Skram, Oslo
Til innspelsmøtet inviterer vi representantar frå miljø som på ulikt vis jobbar med barn og unge til å kome med innspel til korleis vi best mogleg kan skape trygge rammer for mottak, ytring og deltaking. Vi ønsker innspel på følgande spørsmål:
- Kva kjenneteiknar kulturuttrykket til barn og unge i dag, og kva for moglegheiter og utfordringar representerer denne kulturen?
- Korleis sikrar vi at barn og unge har trygge rammer og utviklar seg til aktive, kompetente mediebrukarar som tar informerte val når dei deltar på digitale plattformer?
- Korleis kan det offentlege best mogleg organisere og koordinere innsatsen på området barn og digital mediebruk? Medietilsynet meiner at vi treng ein ny nasjonal strategi på området barn og medium – kva bør ein slik nasjonal strategi innehalde og kva for mål og tiltak er viktige for å trygge det digitale livet til barn og unge?
Møtet er ope for alle, og påmeldingsfristen er no utløpt. I etterkant av møtet blir det høve å sende inn skriftlege innspel innan 6. november. Send til post@medietilsynet.no og merk emnefeltet med "Kulturmelding for barn og unge".
Agenda |
|
09:30-10:00 |
Registrering og kaffi |
10:00-10:45 |
Opning |
|
Barn og unge sin mediebruk og Medietilsynet si rolle v/ direktør Mari Velsand i Medietilsynet |
|
Barn og unges digitale kulturuttrykk – barnas egne fortellinger v/ Charlotte Blanche Myrvold i Kulturtanken |
|
TikTok - barns egen digitale scene ved Sara Cecilie @zaracecilie, «transitions» |
10:45-13:30 |
Innspelsrunde |
13:30 |
Avslutning og oppsummering |