1. Startsiden
  2. Aktiviteter

Medietilsynet inviterer til innspelmøte om trygg digital oppvekst

Den nye meldinga skal sjå nærmare på barne- og ungdomskulturen som ein del av kvardagslivet til barn og unge. I den anledning inviterer vi til opent innspelmøte 30. oktober kl. 10 - 14 på Litteraturhuset i Oslo.

Sted
Litteraturhuset i Oslo
Tid

Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet har starta arbeidet med ei kulturmelding for barn og unge, der målet er å sikre best mogeleg kunst og kultur for barn og unge. Meldinga skal sjå nærmare på barne- og ungdomskulturen som ein del av kvardagslivet til barn og unge. Eit viktig tema i meldinga blir korleis vi best mogleg kan sikre gode og trygge rammer for barn og unge på den digitale arenaen. Det inkluderer blant anna dei unge sin rolle som produsentar og rammene for ytring og deltaking på digitale plattformer.

Medietilsynet har ansvar for å bidra til å trygge den digitale oppveksten for barn og unge og skal bidra til meldingsarbeidet innanfor dette temaet. I det høvet inviterer vi til opent innspelmøte:

30. oktober kl. 10.00–14.00

Litteraturhuset, Amalie Skram, Oslo

Til innspelsmøtet inviterer vi representantar frå miljø som på ulikt vis jobbar med barn og unge til å kome med innspel til korleis vi best mogleg kan skape trygge rammer for mottak, ytring og deltaking. Vi ønsker innspel på følgande spørsmål:

  • Kva kjenneteiknar kulturuttrykket til barn og unge i dag, og kva for moglegheiter og utfordringar representerer denne kulturen?
  • Korleis sikrar vi at barn og unge har trygge rammer og utviklar seg til aktive, kompetente mediebrukarar som tar informerte val når dei deltar på digitale plattformer?
  • Korleis kan det offentlege best mogleg organisere og koordinere innsatsen på området barn og digital mediebruk? Medietilsynet meiner at vi treng ein ny nasjonal strategi på området barn og medium – kva bør ein slik nasjonal strategi innehalde og kva for mål og tiltak er viktige for å trygge det digitale livet til barn og unge?

Møtet er ope for alle, og påmeldingsfristen er 24. oktober. I etterkant av møtet blir det høve å sende inn skriftlege innspel innan 6. november. Send til  og merk emnefeltet med "Kulturmelding for barn og unge".

Agenda

09:30-10:00

Registrering og kaffi

10:00-10:45

Opning

 

Barn og unge sin mediebruk og Medietilsynet si rolle v/ direktør Mari Velsand i Medietilsynet

 

Barn og unges digitale kulturuttrykk – barnas egne fortellinger v/ Charlotte Blanche Myrvold i Kulturtanken

 

TikTok  - barns egen digitale scene ved Sara Cecilie @zaracecilie, «transitions»

11:00-13:30

Innspelsrunde

 

Informasjon  om rekkefølge kjem nærmare 30 oktober.

13:30

Avslutning og oppsummering

For mer informasjon eller spørsmål om arrangementet, ta kontakt Thomas Haugan-Hepsø.

Påmelding innspelmøte - ny kulturmelding for barn og unge

Kan vi sende deg informasjon eller invitasjoner på e-post om andre temaer?