Barn og medier
Barn og skjermbruk (7–12 år)
Det er mange ting å tenke på når barna blir aktive nettbrukarar, og det kan vere vanskeleg for foreldre å henge med. Her finn du råd og rettleiing til deg som har barn mellom 7 og 12 år. Vi gir deg råd og tips til korleis dykk saman kan skape gode vanar - og korleis du som vaksen kan vere ein god rollemodell.
Dette bør du vite når barnet ditt blir nettbrukar
Vi jobbar for tida med å revidere våre råd om skjermbruk for barn mellom 7 og 12 år. Ny brosjyre og oppdaterte råd skal vere på plass i løpet av året.
10 kjappe: Grunnleggande for respekt og forståing
Vis interesse for barnet: snakk saman og involver deg.
Hugs at barn bruker digitale medium av same grunn som vaksne: For å søke informasjon, lese nyheiter, bli underhalden, leike, slappe av og vere i kontakt med venner.
Anerkjenn at digitale og sosiale medium er ein viktig del av barn sine sosiale liv og tilgang til fellesskapet.
Vurdér om det er lurt med mediefrie soner eller tidsavgrensingar på bruk.
Vêr sjølv ein god rollemodell når det gjeld tidsbruk og det å vere nærverande.
Lær barna gode vaner på nett; som å snakke og oppføre seg pent, ikkje dele privat informasjon, sin frå til ein vaksen ein stolar på om uønskte hendingar og eventuelt blokkere menneske som er ubehagelege eller truande.
Hjelp barnet med å løyse konfliktar på nett, slik som elles i livet.
Gjer deg kjend med sosiale medium, spel og andre digitale tenester som barnet ditt ønsker å bruke.
Hjelp barnet med personverninnstillingane på sosiale medium.
Lag regler om kjøp av appar og «in-app-kjøp».
Som forelder eller voksen rundt barn er du en utrolig viktig rollemodell.
Hva du sier, skriver og praktiserer i egen mediebruk spiller en stor rolle.