1. Startsiden
  2. Digitale medier
  3. Barn og medier

Barn og medier

Tenåringar og skjermbruk (13–18 år)

To tenåringsjenter står sammen og ser på en mobil. Foto Kine Jensen/ Medietilsynet

Frå fylte 13 år har "alle" norske ungdomar mobile og sosiale medium. Sjølv om barna blir større er rettleiing og nærvær frå vaksne svært viktig, og mange kan hamne i sårbare situasjonar der dei treng å bli høyrt. Vi gir deg nokre råd og kva du bør snakke om, og korleis du kan starte samtalane.

Nakenbildepraten

Å bli møtt utan fordomar og med eit ope sinn er viktig for alle - og særleg for ungdom. Dei treng å vite at dei kan snakke med foreldre eller andre vaksne som dei stolar på, utan å bli dømt.

Vi har laga ein samtaleguide for "Nakenbildepraten: slik snakkar du med barn og ungdom om det å sende bilete av seg sjølv, eller kva dei kan gjere dersom dei mottek nakenbilete dei ikkje har bedt om".

Pornopraten

Ungdom seier sjølve dei ønskjer seg meir prat om porno i seksualundervisninga, slik at kan få eit meir realistisk syn på kva porno er, korleis porno blir produsert og at det ikkje er det same som å ha sex.

Sjølv om ungdom gjerne vil ha meir informasjon og kunnskap om porno, synest mange dette er eit tema det er vanskeleg å snakke med foreldra sine om. Du som forelder synest kanskje dette også er flaut og vanskeleg å snakke om.

Vi synest likevel du bør ta «pornopraten» med ungdomen din, og har laga ein rettleier til korleis ein slik samtale kan bli så naturleg som mogeleg. Vis at du er open og ikkje-dømmande, slik at det blir lettare for ungdomen å stille spørsmål eller dele eigne opplevingar. Bruk gjerne vår guide til å få i gang samtalen.

Slik rapporterer og blokkerer du hets, sjikane eller seksuell trakassering på sosiale medium

Dersom du eller barna dine opplever digital blotting, press eller sjikane på sosiale medium kan du rapportere dette, og du kan blokkere den som har kontakta deg. Vi viser deg korleis du gjer dette i dei ulike sosiale media.

Unge har låg kritisk medieforståing

Å utøve kjeldekritikk, forstå sjangrar og forskjell på ulike typar medium er ei evne som må trenast opp. Dei yngste og dei eldste blant oss finn dette mest utfordrande. Sjølv om unge er "født med mobilen i handa" og er raske til å ta digitale medium i bruk, er dei likevel sårbare for falske nyheiter og desinformasjon.

Les meir om nordmenne si kritiske medieforståing i Medietilsynets befolkningsundersøking.

Medietilsynet har i samarbeid med Utdanningsdirektoratet og Faktisk laga eit undervisningsopplegg for 13–16-åringar for å styrkje den kritiske medieforståinga til unge og evna deira til å vurdere innhald i media: kjeldekritikk.

I samarbeid med Faktisk sitt skuleprosjekt Tenk, har Medietilsynet også laga eit undervisningsopplegg om Deepfakes, som passar for ungdomsskule og vidaregåande skule.

Når unge treng nokon å snakke med

Som ung kan du hamne i situasjonar på nett der du treng råd og rettleiing, eller rett og slett nokon å snakke med.

Bruk ung.no. for spørsmål og svar om alt som gjeld deg som er mellom 12 og 18 år. Du kan vere anonym.

Kors på halsen er Medietilsynets partner i arbeidet vårt med barn og unge. Hos Kors på halsen kan du ringe eller chatte med trygge vaksne som kan snakke med deg og hjelpe deg om du har det vanskeleg og treng nokon.

Bilde av de ulike organisasjonene du kan kontakte om du trenger hjelp

Barn gutt.pngMer kunnskap om barn og unges mediebruk:

Barn og medier-undersøkelsene

EU-logo