- Startsiden
-
Fakta og innsikt
-
Rapporter
-
Webrapporter
Webrapporter
Kritisk medieforståing i den norske befolkninga 2021
Denne rapporten samanfattar resultata frå ei undersøking om den kritiske medieforståinga i den norske befolkninga i 2021. Formålet med undersøkinga er å utvikle eit rammeverk med gode måleparametrar som gjer det mogleg å følgje utviklinga av den kritiske medieforståinga i befolkninga over tid.
Undersøkinga om kritisk medieforståing i den norske befolkningen blir gjennomført annankvart år. Undersøkinga er gjennomført i eit landsrepresentativt utval med over 2 000 deltakarar, i alderen 16 år til 102 år.
Korleis står det til i den norske befolkninga?
Eit stadig større, meir komplekst og globalisert medietilbod inneber at medieforståinga, evna til kjeldekritikk og kompetanse til å handtere ulike digitale utfordringar blant mediebrukarane blir stadig viktigare.
Kritisk medieforståing er nøkkelen til ferdigheiter og kunnskap om korleis media fungerer, og korleis vi som mediebrukarar kan navigere både aktivt og trygt i dagens dynamiske medieverkelegheit.
Korleis skal vi navigere trygt i ei digital medieverkelegheit der vi blir fløymde over av informasjon i mange kanalar? Kva slags kunnskap og ferdigheiter treng vi for å ta informerte val, og korleis skal vi sørge for at alle har den nødvendige kompetansen?
Undersøkinga er utvikla på bakgrunn av ein modell der den kritiske medieforståinga til kvar enkelt blir aktualisert i møtet med bestemte situasjonar der kunnskap og kompetanse blir mobilisert og utfordra. Desse situasjonane er breitt forstått som «risikosoner» der bestemte «nettutfordringar» kan finnast med tematiske og sosiale element.
Vi har identifisert fem risikosoner knytte til korleis befolkninga bruker og oppfører seg på internett:
- Desinformasjon og falske nyheiter
- Nettsjikane og demokratisk deltaking
- Kommersielt press
- Personvern
- Kompetanse til å regulere eiga åtferd på nettet
Under kvar risikosone er det definert 21 nettutfordringar, som er følgde opp med individuelle spørsmål i undersøkinga.
Kor mange har sett falske nyheiter?
Ofte er det ei medviten meining bak falsk informasjon. Formålet kan vere å tene pengar, svindle deg, påverke dei politiske meiningane dine, polarisere debattar eller skape forvirring i ei befolkning. I undersøkinga spør vi både om kor mange som har sett falske nyheiter, og det blei gjennomførd ein test.
44 prosent rapporterer at dei har fått «tilsendt eller har komme over falske eller usanne nyheiter» på nettet.
Ein lågare andel av dei eldre enn av befolkninga generelt har sett falske nyheiter. Mens rundt halvparten av befolkninga under 59 år (16–59 år) svarer at dei har sett ei falsk nyheit, seier 30 prosent av dei eldre (60–79 år) det same.
Dei eldste (60 år +) og dei yngste (16–24 år) synest det er vanskelegare å handtere desinformasjon og falske nyheiter enn resten av befolkninga. Den vanlegaste metoden for å undersøke om ei nyheit er falsk, er å sjekke andre kjelder ein stoler på. Halvparten rapporterer at dei gjer dette. Vidare gjer 39 prosent «nettsøk for å sjekke om det er sant», og 35 prosent «sjekkar adressa til nettstaden». 18 prosent svarte at «dei gjorde ingenting».
Når deltakarane fekk sjå ei falsk nyheit dei skulle avsløre blei resultata dette:
- Åtte av ti avslørte at saka var ei falsk nyheit.
- Respondentane som klarte å svare rett på testen, fekk spørsmål om korleis dei oppdaga at nyheitssaka var falsk. «Designen eller forma», «språket eller ordbruken», «konteksten» og «innhaldsrelaterte grunngivingar» var dei fire vanlegaste grunngivingane for korleis dei oppdaga at nyheitssaka dei blei eksponerte for i testen, var falsk.
Erfaring med nettsjikane og konsekvensar for demokrati og deltaking
Kor høg andel av beflokninga har opplevd ulike former for sjikane? Kor utsette er folk, og korleis vurderer dei kompetansen sin til å handtere sjikanering?
Elleve prosent har opplevd ei eller anna form for sjikane på internett.
Andelen som har opplevd sjikane, fell med alder. 20 prosent i alderen 16–24 år har opplevd minst éi av dei fire formene for sjikane som blir målte i undersøkinga (hatefulle ytringar, mobbing eller trakassering, truslar om vald eller hetsing eller latterleggjering i debattar/diskusjonar). Seks prosent i alderen 60–79 år har opplevd dette. Blant dei over 80 år har berre to prosent opplevd nettsjikane.
Hatefulle ytringar er den vanlegaste sjikaneforma, og sju prosent har opplevd dette.
Menn vurderer seg generelt som meir kompetente til å handtere nettsjikane enn kvinner.
Den vanlegaste måten å handtere nettsjikane på, er å «blokkere personar».
Opplev mange kommersielt press på nettet?
Internett har ført med seg ei rekke nye former for marknadsføring, reklame og regelrett svindel. I undersøkinga prøver vi å finne ut korleis ulike grupper i befolkninga opplever og stiller seg til det kommersielle innhaldet dei blir eksponerte for.
Fire av ti rapporterer at dei har trykt på det dei trudde var ei nyheitssak, men som viste seg å vere reklame.
Vel éin av ti har betalt for ei digital teneste dei trudde dei hadde sagt opp.
Nesten éin av ti i alderen 16–24 år svarer at dei er blitt lurte til å kjøpe noko på internett det siste året. For befolkninga generelt er det fire prosent som svarer at dei er blitt lurte til å kjøpe noko på internettet det siste året.
45 prosent har opplevd at selskap eller organisasjonar samlar inn data om dei som blir brukte til kommersielle formål. Dette er den utfordringa på nettet som flest føler seg utsette for og minst kompetente til å handtere.
Personvern og kompetanse til å regulere eiga åtferd på nettet
Personvern handlar blant anna om evna til å handtere personleg informasjon og beskytte seg mot blant anna økonomisk svindel og tjuveri av eigen identitet.
Kompetanse til å regulere eiga åtferd på nett er evna til å regulere eigen tidsbruk og pengebruk på nett slik at det ikkje går ut over kvardagslivet.
To av ti rapporterer å ha opplevd forsøk på svindel av pengar på nettet (22 prosent). 25 prosent i aldersgruppa over 80 år rapporterer at dei har opplevd dette, mot 24 prosent blant dei yngste (16–24 år).
14 prosent har opplevd at nokon har prøvd å lure frå dei passord.
Tre prosent har opplevd å få personleg informasjon stolen/hacka, to prosent har følt seg pressa til å sende bilete eller informasjon om seg sjølve til andre, og éin prosent har fått bilde av seg sjølv publiserte mot sin eigen vilje. I desse tre formene for angrep på personvernet er gruppa 16–24 år overrepresentert.
15 prosent har opplevd at dei sjølve, eller andre i husstanden deira, har brukt så mykje tid på internett og aktivitet som sosiale medium, dataspel og surfing at det her gått ut over kvardagslivet.
Nettutfordringar og risikoforståing
I denne delen blirsamanhengen mellom «erfaring», «risikoforståing» og handteringskompetanse» vurdert. Slik kan vi sjå på kva for digitale utfordringar folk føler
seg mest utsette for, og eventuelle aldersforskjellar når det gjeld handteringskompetanse.
Når det gjeld kva nettutfordringar som befolkninga opplever som mest problematiske, er det særleg éi nettutfordring som skil seg ut: «At personar og selskap samlar inn data om dei til kommersielle formål». Det er rundt sju av ti i befolkninga som føler seg utsette for dette, og under to av ti vurderer seg som kompetente til å handtere denne utfordringa.
Ein høg andel av befolkninga vurderer at dei har låg kompetanse til å handtere denne typen utfordringar, samtidig som dei i høg grad føler seg utsette.
Ein høg andel av befolkninga vurderer at dei har låg kompetanse til å handtere fleire av nettutfordringane vi finn innanfor risikosona «personvern». Særleg gjeld dette «å få personleg informasjon stolen/hacka» eller «å få bilde eller videoar av meg offentleggjorde mot min vilje».
Likevel er det ein låg andel av befolkninga som vurderer at dei er i ein utsett posisjon for at dette skal skje.
Om undersøkinga
Rapporten er utarbeidd av Salve Nergården Jortveit i Kantar AS, professor Tore Slaatta i TSL Analytics og professor Ola Erstad ved Universitetet i Oslo, på oppdrag frå Medietilsynet.
Datainnsamlinga til undersøkinga blei gjennomført i månadsskiftet november/desember 2020.
Les heile undersøkinga her:
Kritisk medieforståing i den norske befolkninga 2021
For spørsmål om undersøkinga, ta kontakt med Thea Grav Rosenberg.