1. Startsiden
  2. Mediestøtte
  3. Innovasjons- og utviklingstilskudd

Mediestøtte

Rettleiing til søknad om midlar til innovasjons- og utviklingstilskott for 2024

En mann står foran seks tv-skjermer som viser oppslag fra forskjellige lokalaviser

Medietilsynet fordeler årleg midlar til innovasjons- og utviklingstilskott.

Søknadsfrist: 1. mars 2024  

Målet med innovasjonsstøtta er å styrke det norske mediemangfaldet og den opplyste offentlege samtalen gjennom å stimulere til redaksjonell, innhaldsretta innovasjon og utvikling i nyheits- og aktualitetsmedium. Ordninga skal særleg fremme redaksjonell, innhaldsretta innovasjon og utvikling i små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium.    

Kven kan søke? 

Målgruppa for ordninga er nyheits- og aktualitetsmedium som har som hovudformål å drive produksjon og formidling av nyheiter, aktualitetsstoff og samfunnsdebatt til allmenta. Det inneber at den som står oppført som søkar, må vere eit nyheits- og aktualitetsmedium.  

Nyheits- og aktualitetsmedium kan samarbeide med andre i prosjektet, for eksempel bransjeorganisasjonar eller verksemder utanfor bransjen. Fleire nyheits- og aktualitetsmedium kan søke saman om tilskott til fellesprosjekt. 

Fagmedium 

Forskrifta blei endra i 2022 for å opne for at fleire fagmedium kan søke om støtte frå ordninga. Nyheits- og aktualitetsmedium som inneheld eit breitt tilbod av nyheits-, aktualitets- og debattstoff om politikk, økonomi eller samfunnsliv, kan få innovasjons- og utviklingstilskott.

Omgrepet «samfunnsliv» refererer i denne samanhengen til journalistisk dekning av ulike samfunnsområde som offentlege saker som angår samfunnet som eit fellesskap. Ordlyden er ikkje meint å omfatte underhaldnings-, livsstils- og forbrukarstoff som er retta mot lesaren som privatperson.  

Publikasjonar som dekker éi næring eller bransje kan få støtte dersom den journalistiske dekninga til publikasjonen er retta mot eit allment publikum. Dette betyr ikkje at innhaldet må vere retta mot eller vere relevant for alle, men at innhaldet må vere forståeleg for den allmenne borgar og ha offentleg interesse utanfor den smale nisjen/bransjen publikasjonen skriver om og for.

Publikasjonar som dekker éi næring eller bransje, vil etter dette kunne få tilskott etter ordninga dersom den journalistiske dekninga er retta mot eit allment publikum. 

Kva prosjekt kan du søke støtte til?      

Støtte til innovasjon og utvikling  

Du kan søke om støtte til innovasjons- og utviklingsprosjekt som: 

  • utviklar redaksjonelt innhald    
  • utviklar eller implementerer nye løysingar for produksjon, publisering, spreiing eller konsum av redaksjonelt innhald  

Midlar til forprosjekt   

Du kan søke om midlar til forprosjekt for utvikling av innovasjons- og utviklingsprosjekt. Ein slik utviklingssøknad bør innehalde mål for prosjektet, budsjett og framdriftsplan.  

Prioriterte område i 2024 

Digitalisering og omstilling 

I samband med endringar i postlova blei det vedtatt å prioritere prosjekt som bidrar til digitalisering. Ordninga er retta mot aviser som særleg blir ramma av endringane med færre omdelingsdagar.  

I fordelinga av midlar vil Medietilsynet prioritere: 

  • lokale samarbeidstiltak som gjer at midlane kjem flest mogleg til nytte 
  • tiltak som gjer at avisene blir mindre avhengige av papir (utviklar metodar for å nå brukarane på digitale måtar) 
  • prosjekt frå aviser som har ein stor del av økonomien knytt til papirutgiving, og som har ein stor del av papiropplaget distribuert utanfor tette busette område 

Tenester retta mot personar med funksjonsnedsettingar 

Visjonen til regjeringa er eit samfunn der alle kan delta og ha moglegheit til å bidra i samfunnet. Politikken for personar med funksjonsnedsettingar skal bygge på likestilling og likeverd, sjølvstyring, medverknad, deltaking og inkludering.

Inkludering og likestilling av personar med funksjonsnedsettingar er ein føresetnad for eit berekraftig velferdssamfunn og for at den enkelte skal kunne leve frie og sjølvstendige liv. Medietilsynet vil prioritere prosjekt som er retta mot tenester for personar med funksjonsnedsettingar. 

Prosjekt retta mot særlege grupper som innvandrarar og språklege minoritetar 

Prosjekter som retter seg mot særlege grupper som innvandrarar og språklege minoritetar, blir prioriterte. 

Søknadsbehandling og krav til søknad  

Fagutvalet for innovasjons- og utviklingstilskott   

Fagutvalet for innovasjons- og utviklingstilskott er eit rådgivande organ for Medietilsynet. Fagutvalet vurderer både om søkaren oppfyller vilkåra for å kunna få støtte og vilkår knytt til prosjektet. Midlane til innovasjons- og utviklingstilskott blir fordelte av Medietilsynet på grunnlag av ei innstilling frå fagutvalet. Medietilsynet gjer vedtak. 

Økonomi   

Beløpa som blir tildelte, blir i enkelte tilfelle reduserte i forhold til søknadssummen. Medietilsynet føreset likevel at prosjektet kan bli gjennomført slik det er søkt om med redusert ramme eller ved at søkaren kan nytte eigne tilsette/midlar i prosjektet.  

Under søknadsbehandlinga kan fagutvalet eller Medietilsynet oppfordre søkaren om å justere søknaden sin, for eksempel ved at Medietilsynet løyver midlar til delar av eit prosjekt. 

Dersom dette ikkje lèt seg gjere, må tilskottsmottakar ta kontakt med Medietilsynet på innovasjon@medietilsynet.no for å drøfte andre alternativ.  

Offentleg stønad kan ikkje overstige 40 prosent av prosjektkostnadene. For prosjekt som rettar seg mot små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium, kan offentleg støtte utgjere inntil 75 prosent av prosjektkostnadene. Anna offentleg finansiering av prosjektet vil inngå i den offentlege delen av prosjektkostnadene.  

Søkarar må på førehand avklare moglegheita for å samfinansiere prosjektet med andre institusjonar dersom søkaren ønsker å samarbeide med andre om finansieringa av eigenandelen. I søknadsskjemaet må du opplyse om prosjektet mottar støtte frå andre og kven prosjektet mottar støtte frå. 

Lønn   

Timesatsen skal dekke lønnskostnader og blir rekna ut med utgangspunkt i avtalt årslønn. Sosiale kostnader og indirekte kostnader som er relevante, kan bli inkluderte i utrekninga av lønn.  

Krav og råd til søknad   

Skriv søknaden på norsk (bokmål eller nynorsk). Søknader på andre språk enn norsk vil bli avvist. Prosjektomtalen bør ikkje vere på meir enn åtte A4-sider.   

Søknaden må innehalde ein prosjektplan og eit budsjett. Dette må du laste opp i søknadsskjemaet. Om dette manglar, vil søknaden bli avvist. 

Alle tekstbaserte publikasjonar må laste opp alle artiklane frå november 2023, desember 2023 og januar 2024. Dette gjer du ved hjelp av reknearket du finn på søknadsskjemaet på «Min side». Søkar må også gi Medietilsynet brukartilgang til publikasjonen. 

Dersom artiklar og tilgang ikkje følger søknaden, vil søknaden ikkje bli behandla. 

Kringkasting/bestillingstenester – søkarar må lasta opp logg eller sendeplan for veke 2 og 3 i 2024. Søkar må beskrive kva programpostar som utgjer nyheiter, aktualitetar og samfunnsdebatt. Ta kontakt med Medietilsynet på innovasjon@medietilsynet.no dersom dette ikkje er tilgjengeleg. 

Kor innovativt prosjektet er, og i kva grad andre medium kan ta i bruk utvikla løysingar, vil ha betydning for fagutvalets tilråding og Medietilsynets vedtak.  

Vurderingskriterium 

  • Prosjekt som utviklar redaksjonelt innhald eller utviklar/implementerer nye løysingar for produksjon, publisering, spreiing eller konsum av redaksjonelt innhald, kan få tilskott.
     
  • Prosjekt som kan vise til innhaldsretta innovasjon framfor reine redaksjonelle kapasitetsaukar, tekniske oppgraderingar eller kjøp av utstyr, stiller sterkare i utveljingsprosessen. 

  • Ofte er verksemda avhengig av eksterne kjelder og ressursar for å kunne innovere. Prosjekt som søker etter stønadsmidlar for å kjøpe tenester og komponentar til å realisere innovasjon eller utvikling, kan derfor kvalifisere til å få tilskott.  

  • Prosjekt med mål om å oppnå små, stegvise innovasjonar (eller søknader med eit slikt innovasjonspotensial) kan vere like aktuelle som søknader med eit radikalt innovasjonspotensial. Eit prosjekt med moglegheit til å oppnå små, stegvise innovasjonar må likevel klart kunne skiljast frå prosjekt knytt til rein drift og omlegging av verksemda. 

  • Prosjekt med mål om å utvikla eller implementere nye løysingar for å auka annonseinntektene, som i lita grad inneber ei fornying av innhaldstilbodet, blir ikkje rekna som relevante prosjekt til å få støtte. 

Medietilsynet vil ikkje innvilge nye midlar til ein søkar før vi har mottatt rekneskap og rapport for tidlegare innvilga støtte. 

Dersom ein tilskottsmottakar søker året etter at dei har mottatt tilskott, men før rekneskaps- og rapporteringsfristen, må Medietilsynet først ha mottatt ein foreløpig rapport om bruk av tilskottet gitt det føregåande året. 

Omgrep nytta på søknadsskjemaet 

Aktørnamn: eit norsk selskap eller eit enkeltpersonføretak (med eige føretaksnummer).   

Medietilsynet kan, i spesielle tilfelle, vike frå kravet til å ha ein norsk institusjon/bedrift som søkar. 

Prosjektleiar: den som har det faglege ansvaret for prosjektet.  

Rekneskapsansvarleg: den som kan gjere greie for rekneskapen til prosjektet. 

Prosjektkategoriar: 

Digital utvikling: generell digital utvikling, for eksempel å oppgradere gjeldande tekniske publiserings- og produksjonsløysingar 

Utvikling av publiseringsplattformer: utvikling av nye plattformer, for eksempel å utvikle lydavis i ei nettavis, utvikle radio på tv, utvikle podkast i ei avis osv. Utvikle andre plattformer for publisering for å nå fleire lesarar/lyttarar. 

Utvikling av forretningsstrategiar: utarbeiding av modellar eller strategiar for endring, forbetring og effektivisering av forretningsmodell. For eksempel å utarbeide ein strategi for å drive radio lønnsamt i overgangen frå FM til DAB, finne strategiar for å nå bestemte grupper med lesarar osv. 

Utvikling og produksjon av innhald: For eksempel å utarbeide ein seksjon for gründerjournalistikk, utvikle innhaldet i ei avis for å nå bestemte grupper, produsere  ein særleg type innhald osv.