1. Startsiden
  2. Mediestøtte
  3. Produksjonstilskudd

Mediestøtte

Slik søker du om produksjonstilskott

Rettleiing for søkarar som vil søkja om produksjonstilskott

Gå hit for å opprette brukar for "Min side" og for å finne søknadsskjema.

Autentisere og logge på

Første gong du loggar på

For å ta i bruk «Min side» må du aktivere brukaren din. Første gong du
loggar på gjer du følgande:

  1. Du får ein e-post med invitasjon til «Min side».

  2. Klikk på lenka i e-posten for å stadfeste brukaren din. For ettertid vil det vere følgande adresse til «Min side»: https://medietilsynet.force.com. Det er lurt å lagre denne som bokmerke eller Favoritt i nettlesaren din.

Passord opprettar du første gong du skal logge inn. Når passord er
oppretta, vil du få melding om å skrive inn ein sikkerheitskode. Denne vil bli send på den e-postadressa du er registrert med hos Medietilsynet.

OBS! Dersom du ikkje mottar e-posten med koden, kan det vere lurt å
sjekke spam-filteret ditt.

For framtidige påloggingar til «Min side»

  1. Gå til https://medietilsynet.force.com.
  2. Skriv inn e-post adressa di (brukarnamn) og passordet du sjølv har laga
  3. Du får tilsend ein sikkerheitskode på e-post. Skriv inn den 6-siffra koden.Trykk «Neste».
  4. Du er nå logga inn på «Minside»

Du vil få tilsend ein ny sikkerheitskode kvar gong du skal logge deg på «Min side».

Fyll inn søknad

  1. Klikk på: «Støtte- og tilskuddsordninger»
  2. Vel: «Produksjonstilskudd for aviser»
  3. Vel: «Vidare til søknad og saker» til høgre på sida.
  4. Vel målform
  5. Vel: «Opprett ny søknad» for å opprette ein ny søknad, eller
  6. Vel: «Mine søknader» for å redigere ein søknad.

    Ei ny side opnar seg:

  7. Fyll inn namnet på medieselskapet og namnet på avisa. Vel neste.
  8. Les informasjonen og vel neste.
  9. Fyll ut all nødvendig informasjon i skjemaet. Det vil kunne dukke opp nye felt basert på informasjonen du gir i skjemaet. Du kan gå fram og tilbake i skjemaet.
  10. Du treng berre fylle inn rekneskapstal for i fjor / siste år. Vi bruker tidlegare innsend informasjon når vi behandlar søknaden.
  11. På sida «Informasjon om revisor» fyller du ut informasjon om revisor.
    Om denne revisoren ikkje blir vist på sida «Avslutning», ta kontakt med Medietilsynet for å gi revisoren tilgang.
  12. Når du er har fylt ut søknaden og er klar til å sende den inn, må du huke av «Eg stadfestar at opplysningane i søknaden er korrekt utfylte» og deretter klikke«Ferdig».
  13. Ein e-post blir nå send til revisoren du fylte inn på sida «Informasjon
    om revisor». Revisor loggar seg deretter inn, og du vil få tilbakemelding på e-post når revisor er ferdig.

Nye søkarar vil bli kontakta av opplagskontrollen i Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for blant anna å kontrollere opplaget i fjor. 

Revisorgjennomgang

Når du har sendt inn søknaden, blir den vidaresend til revisor. Du får ein epost når søknaden er revidert, med tilbakemelding om den er godkjent eller ikkje. Dersom søknaden ikkje er godkjent av revisor, må du endre søknaden slik revisor skildrar i gjennomgangen sin, og sende inn på nytt.

Når søknaden er endeleg godkjent av revisor, blir den saksbehandla i
Medietilsynet. Ein e-post med all informasjon på saka blir automatisk
send til deg i same augeblink.

Godkjent / ikkje godkjent

Medietilsynet gjennomgår søknaden, og du får tilbakemelding på e-post og på «Min side» om søknaden er innvilga eller avslått.

Har du spørsmål? Kontakt oss på produksjonstilskudd@medietilsynet.no eller 69 30 12 00