Mediestøtte
Rettleiar: Tilskott til lokale lyd- og bildemedium 2025
Korleis søker ein om tilskott til lokalkringkasting? Her får du rettleiing om korleis du kan søke.
Søknadsfrist for 2025 er 21. januar 2025
Kven kan søke om tilskott for 2025?
Alle med konsesjon til lokalkringkasting kan søke om tilskott. Det same gjeld registrerte kringkastarar og tilbydarar av audiovisuelle bestillingstenester (bildeprogram) og podkasttenester (lydprogram) som hovudsakleg tilbyr innhald retta mot eit lokalt publikum.
Audiovisuelle bestillingstenester og podkasttenester vil vere ein tilbydar der hovudformålet er å tilby lokale program som kan høyrast eller sjåast på eit tidspunkt den enkelte sjølv ønsker.
I tillegg er det éin søknadskategori for nasjonale samanslutningar for lokale lyd- og bildemedium og éin for anleggskonsesjonærar i digitale lokalradionett.
Søkjarar som produserer og publiserer innhald, må ha ein ansvarleg redaktør.
Nærare om enkelte av søkjarkategoriane:
Registreringspliktig web-tv
For å kunne søke tilskott som registrert web-tv krevst det at hovudformålet med tenesta er å tilby lokale bildeprogram lineært. Det må som utgangspunkt tilbydast daglege sendingar og programma må vere organiserte i eit sendeskjema som viser når programma startar.
Det krevst vidare at kanalen når eit større lokalt publikum. Som utgangspunkt betyr dette at kanalen må ha minst 10 000 sjåarar per månad for å kunne søke tilskott. Talet på sjåarar skal bereknast som eit gjennomsnitt over dei siste seks månader.
Det krevst at det er økonomisk aktivitet knytt til tenesta. Økonomisk aktivitet omfattar finansiering i form av reklame, abonnementsløysing og enkeltkjøp/leie i tillegg til offentleg finansiering, donasjonar osv. Dersom inntektene frå tenesta er lågare enn frikortgrensa for skattepliktig inntekt i Noreg, blir det ikkje rekna som økonomisk aktivitet.
Audiovisuell bestillingsteneste
For å kunne søke tilskott som audiovisuell bestillingsteneste krevjast det at hovudformålet med tenesta er å tilby lokale bildeprogram der sjåaren sjølv kan velje tidspunkt for avspeling (on-demand). Programma må vere organiserte i ein programkatalog som blir oppdatert regelmessig.
- Organiserte betyr at programma blir laga i ulike kategoriar, blir tagga, blir gjorde søkbare, blir framheva eller liknande. Å legge programma i kronologisk rekkefølgje er ikkje tilstrekkeleg.
- Regelmessig betyr at det som eit minimum må publiserast nye program i katalogen kvar veke, rekna som eit gjennomsnitt over dei siste seks månader.
Det krevst vidare at tenesta når eit større lokalt publikum. Som utgangspunkt betyr dette at tenesta i snitt må ha minst 10 000 avspelingar per månad for å kunne søke tilskott. Merk at talet berre skal bereknast frå avspelingar når desse er igangsett direkte frå tenesta, og ikkje frå andre stader.
Det krevst at det er økonomisk aktivitet knytt til tenesta. Økonomisk aktivitet omfattar finansiering i form av reklame, abonnementsløysing og enkeltkjøp/leie i tillegg til offentleg finansiering, donasjonar osb. Dersom inntektene frå tenesta er lågare enn frikortgrensa for skattepliktig inntekt i Noreg, blir det ikkje rekna som økonomisk aktivitet.
Podkastteneste
For å kunne søke tilskott som podkast-teneste krevst det at hovudformålet med tenesta er å tilby lokale lydprogram der lyttaren sjølv kan velje tidspunkt for avspeling (on-demand). Det må som eit minimum publiserast nye program kvar veke, rekna som eit gjennomsnitt over dei siste seks månader.
Det krevst vidare at tenesta når eit større lokalt publikum. Som utgangspunkt betyr dette at tenesta i snitt må ha minst 2 000 avspelingar per månad for å kunne søke tilskott.
Det krevst at det er økonomisk aktivitet knytt til tenesta. Økonomisk aktivitet omfattar finansiering i form av reklame, abonnementsløysing og enkeltkjøp/leie i tillegg til offentleg finansiering, donasjonar osb. Dersom inntektene frå tenesta er lågare enn frikortgrensa for skattepliktig inntekt i Noreg, blir det ikkje rekna som økonomisk aktivitet.
Kva kan du søke støtte til?
Du kan søke om støtte til:
- Driftstilskott til digitalisering av lokalradiostasjonar
- Driftstilskott til lokalradiostasjonar for etniske og språklege minoritetsgrupper
- Driftstilskott til bransjeorganisasjonar for lokale lyd- og bildemedium
- Investeringstilskott til utbygging av digitale lokalradionett i Lokalradioblokka
- Prosjekttilskott til produksjon av lokale program
- Prosjekttilskott til kompetansehevande tiltak, medrekna tilskott til deltaking på nasjonale arrangement for lokalradio- og lokal-tv-verksemder i 2025, for eksempel Norsk Lokalradioforbunds landskonferanse, Lyddagar etc.
- Prosjekttilskott til utviklingstiltak
Driftstilskott til digitalisering av lokalradio
Alle med innhaldskonsesjon til digital lokalkringkasting i Lokalradioblokka kan søke om driftstilskott i denne søknadskategorien. Det same gjeld innhaldskonsesjonærar som driv lokalradio i Riksblokk II, registrerte kringkastarar og anleggskonsesjonærar i Lokalradioblokka.
Lokalkringkastingsstasjonar og registrerte kringkastarar
Radiostasjonar med innhaldskonsesjon i Riksblokk II og registrerte kringkastarar må levere særskilt dokumentasjon på at stasjonen hovudsakleg tilbyr innhald retta mot eit lokalt publikum, og skal derfor fylle ut et eige skjema om dette, sjå vedlegg. Du skal fylle ut skjemaet og laste det opp som vedlegg til søknaden under delen «Vedlegg og merknad» i søknadsskjemaet.
Driftstilskottet kan blant anna nyttast til leigeforpliktingar / avtale om sending i eit digitalt lokalt radionett eller kostnader til leverandørar av nettradiotenesta. Utgifter til TONO og GRAMO blir ikkje dekte av tilskottet.
Driftstilskottet til digitalisering er teknologinøytralt. Det betyr at du kan søke om driftsstøtte til å dekke kostnader for sendingar på andre digitale flater enn DAB, for eksempel sendingar via internett.
Vi vil prioritere søknader som gjeld (uprioritert rekkefølge):
- radioverksemder med avgrensa sendetid eller der sendingane dekker eit område med svakt kommersielt driftsgrunnlag
- nisjeradioverksemder som sender i sløkkeområda for FM-sendingar
- radioverksemder som har gode og realistiske planar / prosjekt for samarbeid med anleggskonsesjonærar
Lokalradio som skal søke om driftstilskott til digitalisering, skal legge ved:
- budsjett som viser driftsutgiftene til digitale sendingar i 2025, jf. ovanfor om dekning av driftsutgifter
- utfylt skjema om lokalt innhald og nedslagsfelt for sendingar – gjeld radioverksemder som sender i Riksblokk II og registrerte kringkastarar
- kopi av distribusjonsavtale med anleggskonsesjonær – gjeld radioverksemder som sender i Lokalradioblokka og Riksblokk II
Vi ber om at lokalradioverksemder leverer ein søknad om driftstilskott når det blir søkt om driftsstøtte for fleire regionar. Søkjar du om driftsstøtte i fleire regionar, må du i søknaden prioritere mellom dei ulike regionane.
Anleggskonsesjonærar i Lokalradioblokka
Driftstilskottet til anleggskonsesjonærar gjeld tilskott til drift av anlegg i Lokalradioblokka.
For anleggskonsesjonærar vil typiske kostnader dekke drift, vedlikehald, innplassering i nettet og leigeutgifter til stasjonseigar.
Vi vil prioritere søknader som gjeld anleggskonsesjonærar som bidrar til eit lokalt mediemangfald gjennom forpliktande leigeavtalar for lokalradioverksemder i regionen.
Vi gjer merksam på at ein søkar som har anleggskonsesjon i fleire regionar i Lokalradioblokka, kan søke om driftstilskott for kvar region.
Anleggskonsesjonærar i Lokalradioblokka skal opplyse om:
- region i Lokalradioblokka det blir søkt tilskott for
- talet og namn på operative sendarpunkt (frå Nkom) i regionen det blir søkt driftstilskott for
- kven som er sendaranleggseigar der sendarpunktet er plassert
Vi ber om at anleggskonsesjonærar leverer ein søknad om driftstilskott når det blir søkt om driftsstøtte for fleire regionar. Søkjar du om driftsstøtte i fleire regionar, må du i søknaden prioritere mellom dei ulike regionane.
Du skal laste opp budsjett for driftskostnader og leigeinntekter i 2024 som vedlegg til søknaden.
Driftstilskott til lokalradioverksemder for etniske og språklege minoritetsgrupper
For å få driftstilskott til lokalradioverksemder er det eit vilkår at verksemda i all hovudsak rettar seg mot etnisk-språklege minoritetar. Kvalifiserte radioverksemder kan få eit minimumstilskott på 25 000 kroner. Tilskottet kan maksimalt utgjere 50 prosent av driftskostnadene til verksemda basert på rekneskapen for i fjor.
Du som søker om driftstilskott, skal legge ved:
- rekneskap for 2023
- budsjett for 2025
Driftstilskott til nasjonale samanslutningar for lokale lyd- og bildemedium
Følgande generelle kriterium vil bli lagt vekt på ved behandling av søknader om tilskott:
- tal på medlemmer
- eigarmessig mangfald blant medlemmene
- aktivitetsnivået til organisasjonen basert på budsjett og dokumenterte aktivitetar
Du som søker om driftstilskott skal legge ved:
- rekneskap for 2023
- budsjett for 2025
- fullstendig prosjektframstilling
Investeringstilskott til bygging av digitale lokalradionett (Lokalradioblokka)
Berre anleggskonsesjonærar i digitale lokalradionett kan søke om investeringstilskott i denne søknadskategorien. Investeringstilskottet gjeld berre bygging av radionett i ulike regionar i Lokalradioblokka. Anleggskonsesjonærar som tilbyr eller kan inngå langsiktige og forpliktande leigeavtalar, vil bli prioriterte.
Vi vil prioritere prosjekt som (uprioritert rekkefølge):
- inkluderer eit mangfald av lokalradioverksemder i regionen
- satsar på utbygging i område med avgrensa kommersielt utbyggingsgrunnlag
- satsar på samarbeid mellom anleggskonsesjonærar og lokale radiostasjonar
- har gode dekningsambisjonar og har konkrete og realistiske planar for gjennomføring
Ved vurdering av søknader vil det bli lagt stor vekt på at søkar har ferdigstilt prosjekt og sett i drift lokalradionett som tidlegare er gitt tilskott.
Anleggskonsesjonærar som har konsesjon i fleire regionar, kan søke om investeringstilskott for kvar region. Konsesjonæren må gi ei prioritering mellom investeringssøknadene for dei ulike regionane og for ulike søknader i same region.
Du som skal søke om investeringstilskott, skal legge ved:
- prosjektskildring. Skildringa må gjere greie for det geografiske dekningsområdet for prosjektet og befolkningstal, innehalde ein konkret framdriftsplan for arbeidet og gi opplysningar om aktuelle radioverksemder som det vil bli samarbeidt med.
- finansieringsplan/budsjett. Planen må konkret skildre kva utgifter som det er budsjettert med og korleis desse utgiftene skal finansierast. Eigenfinansierte og/eller anna ekstern finansiering av prosjektet må gå tydeleg fram av planen.
- kopi av Nkoms godkjenning av DAB-sendepunkt (dersom slik godkjenning ligg føre)
Prosjekttilskott til lokale programproduksjonar
Lokalkringkastingskonsesjonærar, registrerte kringkastarar og tilbydarar av audiovisuelle bestillingstenester og podkasttenester kan søke om tilskott til programproduksjonar. Programproduksjon som inngår som ein del av den løpande programverksemda, vil normalt ikkje inngå i denne tilskottsordninga. Med det meiner vi faste programpostar, nyheiter og liknande. Tilskott kan bli gitt til dokumentarar, seriar i ulike sjangrar, høyrespel, underhaldning, konkurransar og liknande som er lokalt forankra. Ein programproduksjon kan maksimalt få 250 000 kroner per prosjekt per tilskottsår i denne søknadskategorien.
Nyskapande idéar, programproduksjonar som stimulerer til bruk av norsk musikk, og program med publikumspotensial vil bli prioriterte.
Det vil bli lagt til grunn ei kvalitetsvurdering med basis i korleis søknaden skildrar produksjonen. Søkar skal derfor gjere greie for sjanger, form og struktur, samarbeidspartnarar og mål for programproduksjonen for å kvalifisere til støtte.
Grunngiving og formål med produksjonen
Gi ei kort grunngiving for målet til produksjonen, målgruppe og verdi for lyttarane/sjåarane til søkar. Oppgi talet på program som skal produserast og eventuelt lengda på programma.
Sjangertilhøyrsel
Kva sjanger har produksjonen? Dokumentar, journalistisk produksjon, drama, underhaldning eller fleire?
Programformat og -struktur
Gjer greie for dramaturgien/oppbygginga av programmet – gi ei skildring av eit typisk program, ev. legg ved pilot eller tidlegare produksjonar som følger same dramaturgi.
Programansvarleg/-e
Kven er programskapar, -leiar, journalistiske/redaksjonelle medarbeidarar (legg gjerne ved cv til den eller dei som er hovudansvarleg for produksjonen).
Del norsk musikk
Inneheld produksjonen musikk, og i så fall kva er andelen norsk musikk? Nyttast det innspelt musikk, eller er ny innspeling av musikk del av produksjonen?
Samarbeidspartnarar
List opp kjelder, fagpersonar, samarbeidspartnarar som bidrar i realiseringa av prosjektet. I søknadsbehandlinga blir søkarar prioriterte som har gjort innleiande førespurnader og foreløpige avtalar med deltakarar. List også opp eventuell samproduksjon og finansiering frå andre finansieringskjelder enn tilskottsordninga
Plan for sending (tid og plattform/-er)
Plan for sending (tid og plattform/-er) Når skal produksjonen sendast, og på kva plattformer?
Prosjekttilskott til kompetansehevande tiltak
Lokalkringkastingskonsesjonærar, registrerte kringkastarar og tilbydarar av audiovisuelle bestillingstenester og podkasttenester kan få tilskott til kompetansehevande tiltak. Målet er at det kompetansehevande tiltaket skal tilføre organisasjonen kvalitetsmessige forbetringar. Tilskott kan for eksempel gå til kurs, studiereiser og seminarverksemd. Det kan maksimalt bli gitt 100 000 kroner per prosjekt per tilskottsår i denne søknadskategorien.
Søknader om kvalitetsmessige forbetringar innan journalistikk, mediekompetanse, teknisk kompetanse og liknande vil bli prioriterte.
For søknader om kompetansehevande tiltak skal det ligge ved ei skildring av mål med tiltaket, ein plan for gjennomføring, kursansvarleg, aktuelle samarbeidspartnarar og, dersom det ligg føre, eit program for kurset. I tillegg skal søkar gjere greie for tal på deltakarar som vil ta del i tiltaket. Prosjekt som tidlegare har fått tilskott til tilsvarande formål, vil ikkje bli prioriterte ved tildelinga.
Lokalkringkastarar, registrerte kringkastarar og tilbydarar av audiovisuelle bestillingstenester og podkasttenester kan søke om tilskott til å delta på nasjonale arrangement. Det er ein føresetnad at deltakinga på arrangementet tilfører stasjonen kvalitetsmessige forbetringar. Eit eksempel på arrangement du kan søke om støtte til å delta på, er Norsk Lokalradioforbunds landskonferanse, Lyddagar etc.
Det blir gitt eit fast og maksimalt tilskott per arrangement til den enkelte stasjonen til dekning av utgifter for stasjonens deltaking på arrangementet.
Prosjekttilskott til utviklingsprosjekt
Lokalkringkastingskonsesjonærar, registrerte kringkastarar og tilbydarar av audiovisuelle bestillingstenester og podkasttenester kan søke om støtte i denne tilskottskategorien. Med utviklingsprosjekt meiner vi tiltak som stimulerer til aktivitet som aukar den programmessige kvaliteten og breidda. Dette inkluderer blant anna:
- organisasjonsutvikling
- utvikling av nye lokale programkonsept
- utvikling av nye redaksjonar
- ulike samarbeidstiltak – blant anna vil samarbeidsprosjekt mellom ulike stasjonar bli vurdert positivt
- utviklingstiltak som er med på å styrkje økonomien i stasjonen (nye inntektsmodellar mv.)
Eit prosjekt kan maksimalt få 100 000 kroner per tilskottsår i denne søknadskategorien, og prosjektet skal på sikt kunne bli drive uavhengig av støtte frå Medietilsynet.
Nyskapande idéar vil bli prioriterte, det same vil utviklingsprosjekt som stimulerer til bruk av norsk musikk.
For søknader om prosjekttilskott til utviklingsprosjekt skal søkar gjere greie for mål med prosjektet og korleis dette bidrar til å styrke kanalen (både organisatorisk, økonomisk og korleis det påverkar programtilbod og publikum). Dokumenter eventuelle samarbeidspartnarar, tekniske leverandørar, og beskriv deira rolle i prosjektet. Det blir normalt ikkje gitt støtte til investeringar i teknisk utstyr mm.
Behandling av søknader
Ved vurdering av søknader vil det bli lagt vekt på at søkar som tidlegare er gitt tilskott, har rapportert og ferdigstilt prosjekt innan frist.
Medietilsynet forvaltar tilskottsordninga, og det er Medietilsynet som gir vedtak om tilskott etter innstilling frå Fagutvalet for tilskott til lokale lyd- og bildemedium. Fagutvalet vurderer søknader basert på formålet til tilskottsordninga slik den er nedfelt i forskrift om tilskott til lokale lyd- og bildemedium og informasjon i denne rettleiinga. Rettleiinga skildrar kva for kriterium som vil bli lagt til grunn i behandlinga og innspel til kva søknaden skal innehalde for å bli prioritert.
Søknaden blir vurdert ut frå faglege og økonomiske kriterium og blir gitt som eit rundsumtilskott, fastsett etter ei skjønnsmessig vurdering av kva som er eit rimeleg bidrag frå staten. Det blir stilt krav om minimum 20 prosent eigendel.
Søknader som er mangelfulle og/eller manglar obligatoriske vedlegg, vil normalt bli avslått eller ikkje behandla. Medietilsynet får langt fleire søknader enn det er midlar til. Dette betyr at prosjekt som blir vurdert som gode, også kan få avslag eller få lågare støtte enn det er søkt om.
Søkarar som leverer fleire søknader innanfor same kategori, må prioritere søknadene tydeleg. Fagutvalet vil på sjølvstendig grunnlag prioritere dei ulike søknadene opp mot tildelingskriteria.
Portalen «Mi side» og søknadsskjema
Du søker om tilskott via portalen «Mi side» som er Medietilsynets digitale sjølvbeteningsside for søknadar og registreringar for deg som er medieaktør.
Om du ikkje allereie har ein Mi side-brukar hos Medietilsynet, må du kontakte oss for å bli registrert. Send ein e-post til lokaletilskudd@medietilsynet.no med følgande informasjon:
- Namn på selskap
- Namn på kontaktperson som skal nyttast
- E-postadresse til kontaktperson
Husk å registrere deg som brukar på Mi side i god tid og minst to dagar før søknadsfristen går ut. Søknadsfristen er 21. januar 2025.
Før du søker via Mi side, bør du ha følgande klart:
- Konsesjons- eller registreringsnummer hos Medietilsynet
- Fullstendig prosjektframstilling
- Budsjett/finansieringsplan
- Budsjett for 2025 og rekneskap for 2023 (gjeld berre for lokalradioar for etniske og språklege minoritetsgrupper og nasjonale samanslutningar for lokale lyd- og bildemedium)
- Kopi av distribusjonsavtale med anleggskonsesjonær (gjeld berre lokalkringkastingskonsesjonærar og registrerte kringkastarar som søker driftstilskott til digitalisering)
Fullstendig prosjektframstilling, budsjett/finansieringsplan, eventuelt rekneskap og annan obligatorisk dokumentasjon må du laste opp i det elektroniske søknadsskjemaet.
Logg på Min side og søk støtte til lokalkringkasting | |
Har du ikkje tilgang til Min side? Registrer deg her. |