Mediestøtte
Støtte til TV 2
Avtalen mellom TV 2 og staten skal bidra til å styrke mediemangfaldet i Noreg, sikre ein konkurrent til NRK, og få riksdekkande nyheitssendingar produserte utanfor Oslo.
Avtalen mellom staten og TV 2 trødde i kraft 1. januar 2024, og varar i fem år fram til 31. desember 2028.
Avtalen går ut på at kanalen blir kompensert med inntil 150 millionar kroner kvart år i fem år for nettokostnadene i samband med å levera allmennkringkastingsinnhald.
For å oppfylla allmennkringkastingsoppdraget skal TV 2:
- Sende eigenproduserte riksdekkande nyheitspråkram med base i den sentrale nyheitsredaksjonen
- Sende norskspråklege program for barn og unge
- Sende førstegongsvisningar av norsk film- og tv-drama
- TV 2 skal ha redaksjonelle medarbeidarar i nyheitssendingane på minst seks ulike stader.
Avtalen set også krav til korleis det lineære og ikkje-lineære allmennkringkastingsinnhaldet skal gjerast tilgjengeleg. Hovudredaksjonen og nyheitsredaksjonen må vere lokalisert minst 100 kilometer utanfor Oslo. Avtalen inneheld også krav om korleis kompensasjonen skal disponerast og korleis rekneskap og rapportering skal gjennomførast.
Avtalen stiller også ei rekkje krav til TV 2s programverksemd som ikkje er ein del av allmennkringkastingsoppdraget, og som TV 2 ikkje får økonomisk kompensasjon for.
Les meir om allmennkringkastingsoppdraget til TV 2 her.
Medietilsynets ansvar er å vurdere om TV 2 overheld forpliktingane sine i avtalen i ein årleg rapport. Den endelege kompensasjonen frå år til år blir først fastsett etter at Medietilsynet har vurdert korleis TV 2 har oppfylt forpliktingane sine.
Tidligare nyheitssaker om støtte til TV 2
2024:
TV 2 oppfylte alle krav som allmennkringkastar i 2023
TV 2 får advarsel av Medietilsynet
2023:
TV 2 innfridde alle kravene som kommersiell allmennkringkaster i 2022
TV 2 -advarsel for mangelfull merking
TV 2 får advarsel fra Medietilsynet etter brudd på reklameregler
2022:
TV 2 oppfylte dei fleste krava som allmennkringkastar i 2021
2021:
Medietilsynet forfølger ikke brudd som skyldes korona: TV 2 oppfylte de fleste kravene i 2020
2020:
Medietilsynet reduserer kompensasjonen til TV 2 med 5,8 millioner etter brudd på lokaliseringskravet
TV 2 har levert sitt første allmennkringkastingsregnskap
2019:
TV 2 får første utbetaling som kommersiell allmennkringkastar