1. Startsiden
  2. Fakta og innsikt
  3. Rapporter
  4. Webrapporter

Webrapporter

Allmennkringkastingsrapporten 2021 – NRK

NRK skal som offentleg finansiert allmennkringkastar fylle ei særskild demokratisk, kulturell og sosial rolle i den norske mediemarknaden. Samfunnsoppdraget er utforma for å sikre at NRK leverer allmennkringkastingsinnhald på alle medieplattformer og er tilgjengeleg for befolkninga ut frå mediebruksmønsteret deira. Tilsynsrapporten gir svar på korleis NRK leverte i 2021.

Denne web-rapporten gir eit innblikk i utvalde funn frå allmennkringkastingstilsynet for NRK 2021.

Klikk her for å lese fullversjon av rapporten. 

NRKs oppdrag og finansiering

NRK blir i hovudsak finansiert gjennom ei direkte løyving over statsbudsjettet, og i 2021 utgjorde den statlege løyvinga i underkant av 5,3 milliardar kroner. Stortinget vedtok i desember 2020 ei ordning med fireårige styringssignal for den direkte mediestøtta og for dei økonomiske rammene for NRK. NRKs oppdrag skil seg frå andre kringkastarar, og rammene og samfunnsoppdraget er beskrivne i NRK-plakaten og i NRKs vedtekter.

oransje strek 2 smalere.png

Tilsynsresultat 2021

Tilsynsresultatet for 2021 viser at NRK i det store og det heile oppfylte samfunnsoppdraget i samsvar med krava, og at NRK bidrar til å oppretthalde og auke mediemangfaldet. 

Unntaket er brotet på kravet om 25 prosent nynorsk på tv, radio og nett. På grunn av brot over fleire år, ber nå Medietilsynet NRK om ein konkret handlingsplan for å sikre at kravet blir nådd.

oransje strek 2 smalere.png

 

NRK og andre redaktørstyrte journalistiske medium er stadig viktigare i lys av utviklingstrekk som falske nyheiter og framvekst av alternative og ikkje-redaktørstyrte medium. Medietilsynet meiner NRK gir eit solid bidrag til meiningsutvekslinga i samfunnet med faste debattprogram, som jamleg set dagsorden og diskuterer aktuelle spørsmål. NRK har også ei særskild rolle i å tilby ei brei og balansert dekning av politiske val. I 2021 dekte NRK både stortingsvalet og sametingsvalet gjennom tradisjonelle valsendingar, nyheitsinnslag, debatt og valvaker, la meir til rette for interaksjon med publikum og bidrog til auka kunnskap om dei poliske partia blant unge veljarar.

Av rundt 50 krav i allmennkringkastingsoppdraget var det berre eitt som ikkje blei oppfylt i 2021. Brotet på dette kravet har vore gjentakande over fleire år. NRK skal ha minst 25 prosent nynorsk på tv, radio og nett, og kravet må vere oppfylt for kvar enkelt plattform. I 2021 oppfylte NRK kravet berre på tv, mens både radio og nett hadde ein nynorskandel under kravet. NRK har aldri oppfylt kravet om 25 prosent nynorsk på nett. På radio blei krava brotne både i 2020 og 2021, og i 2017 og 2018. 

uekte png utropstegn 100x100.pngSjølv om NRK arbeider med tiltak for å auke nynorskandelen til 25 prosent, lar resultata etter Medietilsynet si vurdering vente på seg. Medietilsynet ber derfor nå om ein konkret handlingsplan frå NRK for å sikre tiltak som resulterer i at kravet kan bli nådd også for radio og nett.   

NRKs demokratiske rolle

NRK skal med det samla allmennkringkastingstilbodet støtte og styrke demokratiet og oppfylle demokratiske, sosiale og kulturelle behov i samfunnet. NRK har eit særleg ansvar for å fremme den offentlege samtalen, dette inneber å legge til rette for ytringsfridomen og ytringsvilkåra til borgarane.

oransje strek 2 smalere.png

NRK dekte stortings- og sametingsvalet i 2021 på ein brei og balansert måte og sikra redaksjonell omtale av eit breitt spekter av dei politiske partia og listene som stilte til val.

Valomaten til NRK blei tatt 2,4 millionar gonger. NRK gjennomførte meiningsmålingar både i samband med stortings- og sametingsvalet. NRK samarbeidde med mediehus over heile landet under dei politiske vala i 2021, noko som også bidrog til breidde i valdekninga.

Bidrag til det norske mediemangfaldet

Oppdraget til NRK er utforma for å sikre eit breitt og kvalitativt godt tilbod som er tilgjengeleg for heile befolkninga, slik at NRK gjennom allmennkringkastingsverksemda bidrar til innhalds- og bruksmangfald.

oransje strek 2 smalere.png

NRK oppfyller kravet om at NRK skal ha eit sjølvstendig ansvar for å bidra til det norske mediemangfaldet nasjonalt og regionalt. Dette gjer NRK gjennom å oppfylle oppdraget som er nedfelt i NRK-plakaten og vedtektene og gjennom samarbeidet med andre medieaktørar – både lokalt, regionalt og nasjonalt. I vurderinga av korleis dette kravet blir oppfylt legg Medietilsynet også vekt på kva praksis NRK har for å gjere arkiva sine tilgjengelege og praksisen for å sitere og kreditere andre redaksjonelle medium.

Høg kvalitet, mangfald og nyskaping

NRK hadde eit solid innhaldstilbod som kjelde til innsikt, refleksjon, oppleving og kunnskap gjennom program av høg kvalitet og oppfyller kravet om å arbeide for høg kvalitet, mangfald og nyskaping. NRK oppfylte også kravet om å stimulere til kunnskap, forståing og bruk av andre medieplattformer blant brukarar i alle aldrar.

oransje strek 2 smalere.png

NRK viser og formidlar kunnskap om mangfaldet i det norske samfunnet både gjennom fleirkulturell kompetanse og innhaldstilbod. NRK har sendt program for nasjonale og språklege minoritetar i 2021. Medietilsynet vurderer at NRKs generelle innhaldsstrategi på ein god måte bidrar til å synleggjere og informere om at Noreg er eit samfunn med eit mangfald av identitetar. Samtidig er det viktig å understreke at dersom NRKs tilbod til nasjonale minoritetar skal fungere som eit verkemiddel for representasjon og synleggjering av desse gruppene, må tilbodet styrkast.

NRK oppfylte også kravet om at tilbodet skal ha tematisk og sjangermessig breidde, og at NRK skal appellere til alle aldersgrupper. Vurderinga er at NRK også oppfylte kravet om å legge vinn på å tilføre tilbodet sitt eit element av auka samfunnsverdi samanlikna med det kommersielle tilbodet.

Nyheits- og aktualitetsdekninga

NRK hadde ei brei nyheits- og aktualitetsdekning i på radio, tv og nett. Satsing på undersøkande journalistikk aukar, og NRK jobbar for å sikre kvalitet og fordjuping.

oransje strek 2 smalere.png

NRK hadde ei brei nyheits- og aktualitetsdekning på radio, tv og nett i 2021. Satsing på undersøkande journalistikk aukar, og NRK jobbar for å sikre kvalitet og fordjuping. Tilbodet bestod av både nasjonale og internasjonale saker, gav løpande oppdatering av nyheitsbildet og fakta og bakgrunnsstoff i nyheitsdekninga – i tillegg til å debattere og dekke aktuelle samfunnsspørsmål. NRK produserer eigne nyheitsprogram for ulike aldersgrupper, blant anna Supernytt for barn. I 2021 gjorde NRK nyheitsinnhaldet meir synleg i dei valbare strøymeplattformene NRK TV og NRK Radio.

NRK dekte stortings- og sametingsvalet i 2021 på ein brei og balansert måte og sikra redaksjonell omtale av eit breitt spekter av dei politiske partia og listene som stilte til val.

Den strategiske føringa for NRKs nyheitsarbeid er framleis «først – med heile bildet», noko NRK forklarar inneber å gi ei grundig og balansert dekning av det løpande nyheitsbildet, oppdatere publikum på dei viktigaste nyheitssakene til ei kvar tid og sette dagsorden med eigenprodusert journalistikk. Samtidig blei 2021 nok eit spesielt år, og NRK rapporterer at interessa for NRKs nyheitsinnhald på alle plattformer har vore rekordstor. Som for 2020 viser NRK til at dette medfører endringar i korleis NRK Nyheter arbeider og bidrar til at strategien til NRK Nyheter blir vidareutvikla.

Distrikt

NRK reflekterer det geografiske mangfaldet i Noreg gjennom eit godt lokalt tilbod som er produsert og tar utgangspunkt i distrikta. NRK har hatt distriktssendingar alle kvardagar både på tv og radio og har eit løpande oppdatert regionalt nyheits- og innhaldstilbod på nett. NRK oppfylte også kravet om å vere til stades i alle fylka.

oransje strek 2 smalere.png

NRK har ein distriktskontorstruktur som svarer til fylkesinndelinga i Noreg, men har valt ei felles organisatorisk eining for Oslo og Viken:

  • NRK Troms og Finnmark: hovudkontor i Tromsø, redaksjonar og lokalkontor i Harstad, Finnsnes, Alta, Hammerfest, Vadsø og Kirkenes
  • NRK Nordland: hovudkontor i Bodø og lokalkontor i Brønnøysund, Mo i Rana, Svolvær og Narvik
  • NRK Trøndelag: hovudkontor i Trondheim, redaksjonar og lokalkontor i Steinkjer, Namsos og Brekstad
  • NRK Innlandet: hovudkontor på Lillehammer, redaksjonar og lokalkontor på Hamar, Gjøvik, Kongsvinger og Leira
  • NRK Møre og Romsdal: hovudkontor i Ålesund og lokalkontor i Ulsteinvik, Molde og Kristiansund
  • NRK Vestland: hovudkontor i Bergen, redaksjonar og lokalkontor i Førde, Nordfjordeid, Sogndal, Odda og Stord
  • NRK Rogaland: hovudkontor i Stavanger og lokalkontor i Haugesund
  • NRK Sørlandet: hovudkontor i Kristiansand og lokalkontor i Flekkefjord og Arendal
  • NRK Vestfold og Telemark: hovudkontor i Porsgrunn og redaksjon i Tønsberg
  • NRK Oslo og Viken: redaksjonar i Oslo, Fredrikstad, Drammen og Ål

Innhold for og med barn og unge

NRK oppfylte krava om å fremme retten barn har til ytringsfridom og informasjon og til å skjerme barn mot skadelege former for innhald. NRK oppfylte også kravet om å ha eigenutvikla innhald for barn og unge på internett som blir løpande oppdatert.

oransje strek 2 smalere.png

NRK skal ha daglege norskspråklege program for barn under tolv år og eit tilbod på nett med eigenutvikla innhald for barn og unge. NRK skal også fremme retten barn har til ytringsfridom og informasjon. I 2021 lanserte NRK Super 15 nye konsept i tillegg til at nye episodar av etablerte titlar blei publiserte dagleg. Blant dei nye konsepta var Superkroppen, Ikke gjør dette mot klimaet! og Bjørnis. Førstnemnde dedikerte episodar til ulike kroppsdelar og vaksne, nakne menneske stod på ei scene og svarte på spørsmål frå barn. Spørsmåla var førebudde saman med klassene til barna i forkant. Programserien skapte debatt og fekk både positive og negative tilbakemeldingar.

29 prosent av innhaldet var på nynorsk, to prosent på dei samiske språka og resten av innhaldet i all hovudsak norskspråkleg.

Språk, identitet og kultur

Ein stor del av programtilbodet til NRK har norsk forankring og speglar det kulturelle mangfaldet i befolkninga. NRK oppfylte i 2021 det overordna kravet om å styrke norsk og samisk språk, identitet og kultur. NRK har ein stor norskspråkleg innhaldsproduksjon, som blir formidla på radio, tv og nett. Kravet om at tilbodet til NRK i hovudsak skal ha norskspråkleg innhald, er oppfylt.

oransje strek 2 smalere.png

Den breie lokale forankringa i distriktsdekninga og tilbodet til ulike minoritetsgrupper bidrar til å spegle ulike sider av norsk røyndom og eit mangfald av identitetar i det norske samfunnet. Tematikken i dramaseriane til NRK bidrar også til å spegle mangfaldet i det norske samfunnet.

NRK Sápmi har daglege samiskspråklege program for den samiske befolkninga og har sendt innhald på både nordsamisk, sørsamisk og lulesamisk. NRK oppfylte også krava til jamlege program på samisk for både barn og unge.

NRK skal spegle nasjonale og språklege minoritetar i det daglege innhaldstilbodet og har gitt bestemte regionredaksjonar eit særskilt ansvar for å spegle dei enkelte minoritetskulturane meir systematisk i innhaldstilbodet til NRK. NRK opplyser at det regionale ansvaret er utvikla vidare i 2021 gjennom jamleg kontakt og dialogmøte med minoritetsmiljøa. NRK Troms har ansvar for kvensk innhald, NRK Innlandet for skogfinsk, Region Søraust for rom og romani og livssynsredaksjonen ved NRK Tyholt for jødisk.

Norsk kultur, kunst, musikk, drama og film

NRK oppfylte kravet om å tilby kulturstoff til både smale og breie grupper, inkludert eigne kulturprogram. NRK har formidla ulike kunstnarar og kunstuttrykk frå både uavhengige og offentlege institusjonar. NRK har auka investeringane sine i eksterne produksjonar og oppfyller kravet om å stimulere det norske produksjonsmiljøet.

Underhaldnings- og humorprogram på ulike plattformer bidrar også til variasjon og breidde i kulturformidlinga til NRK, blant anna gjennom dekning av populærkulturelle tema. 

oransje strek 2 smalere.png

NRKs kulturtilbod skal ta omsyn både til breie og smale publikumsgrupper, spegle mangfaldet i befolkninga og appellere til alle aldersgrupper. NRK skal også ha eit løpande oppdatert tilbod av kunst, kultur og underhaldning på nett.

Medietilsynet har særleg sett på tilbodet i dei tre «kjernekanalane» på radio og tv i tilsynet med allmennkringkastingsoppdraget for 2021. NRK P2 står for om lag to tredelar (66,6 prosent) av kulturinnhaldet som blei sendt i NRKs kjernekanalar på radio og tv i 2021. NRK har orientert om at tilpassinga til brukarvanar skjer gjennom ei dreiing frå mange spesialtitlar til lengre flater med eit stort mangfald, som Studio 2 og Kulturstripa. NRK opplyser at aktuelt kulturstoff får naturleg plass i dei breie nyheitsflatene som Dagsnytt 18, Nyhetsmorgen og Dagsrevyen, som formidlar kulturjournalistikk og -debatt. Kulturredaksjonen dekker både det løpande nyheitsbildet og lagar eigen journalistikk, og journalistikken blir også publisert på nett. NRK opplyser at alle innhaldsmiljøa deltar i å løyse kulturoppdraget.

NRK bidrar til å fremme nye talent og lokale artistar. Kravet om minst 40 prosent norsk musikk blei oppfylt med god margin i NRK P1, NRK P2 og NRK P3. Alle dei tre radiokanalane legg vekt på norskspråkleg og/eller norskkomponert musikk i den norske musikken som blir formidla. Ein betydeleg andel hadde norsk tekstforfattar. Kringkastingsorkesteret dekte eit breitt repertoar frå underhaldningsmusikk til symfonisk musikk.

Tilgjengelegheit og beredskap

NRKs allmennkringkastingstilbod skal vere tilgjengeleg for heile befolkninga og ta omsyn til personar med funksjonsnedsettingar ved utforminga av programtilbodet sitt.

NRK har også eit særleg beredskapsansvar. NRK skal legge til rette for at myndigheitene kan nå ut til befolkninga med informasjon ved nasjonale kriser og katastrofar.

oransje strek 2 smalere.png

Medietilsynet vurderer at NRK tar i bruk alle dei store medieplattformene for å nå breitt ut med programtilbodet, og NRK gjer greie for korleis verksemda jobbar for å møte endringar i mediebruken. NRK tilbyr eigne tenester i form av appar som inneheld heile innhaldsporteføljen. Appane blir distribuerte på alle store plattformer og inkluderer blant anna mobiltelefonar, nettbrett og smart-tv-ar. Appane blir kontinuerleg utvikla og oppdaterte for å gi publikum valfridom og tilby gode tenester på dei medieplattformene dei nyttar.

NRK arbeider systematisk og godt med universell utforming av innhaldstilbodet og har eit breitt tilbod til syns- og høyrselshemma.

NRK har ein eigen tilgjengelegheitssjef og eit brukarråd med representantar frå ni ulike interesseorganisasjonar for personar med funksjonsnedsettingar, i tillegg til ein representant frå Pensjonistforbundet.

Redaksjonelt uavhengig og reklamefri

NRK oppfyller krava til at allmennkringkastingstilbodet skal vere reklamefritt, og at NRK skal utvise særleg varsemd med å tilby innhald som utset publikum for kommersielt press – særleg i program retta mot barn og unge.

oransje strek 2 smalere.png

NRK oppfylte krava om å verne om sin integritet og tillit for å kunne opptre fritt og uavhengig. Utgreiinga viser også at NRK legg vinn på å halde ein høg etisk standard, vere balansert, sakleg, nøytral og ha ei analytisk tilnærming, jamfør prinsippa i det felles etiske regelverket til pressa.

Medietilsynet vurderer at dei redaksjonelle avgjerdene til NRK ikkje er styrte av kommersielle omsyn. NRK utviser særleg varsemd med å tilby innhald som utset publikum for kommersielt press, særleg i program retta mot barn og unge.

NRK har eit avgrensa høve til å ha sponsorinntekter, sidan NRK berre kan få sponsa enkelte programkategoriar. Medietilsynet vurderer at NRK oppfyller kravet knytt til sponsing med omsyn til restriksjonane som er nedfelte.

Om denne rapporten

Denne rapporten er eit utdrag frå den komplette tilsynsrapporten om NRKs allmennkringkastingsverksemd 2021, publisert 15. juni 2022. Heile rapporten i PDF-format kan du lese her.

Alle foto tilhøyrer NRK og er brukt med løyve frå NRK. 

Pressespørsmål kan rettast til Nina Bjerke.

For faglege spørsmål, ta kontakt med Marie Therese Lilleborge.