Nytt fra Medietilsynet
Elleve medium må betale tilbake koronastøtte etter kontroll i Medietilsynet
I ein kontroll av 32 støttemottakarar fann Medietilsynet at elleve mottakarar hadde fått feil i støtte. Dei må no betale tilbake 1,55 millionar kroner. – At det er ein relativt beskjeden sum som må betalast tilbake, vitnar om at dei fleste media har fått tilnærma rett beløp, seier Hanne Nistad Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.
Våren 2020 bevilga Stortinget 300 millionar kroner som skulle kompensere medium som var blitt ramma av korona-krisa. Målet var å bidra til at desse media i størst mogleg grad kunne halde oppe den redaksjonelle verksemda.
Dersom media oppfylte kriteria, kunne dei få kompensasjon for inntil 60 prosent av inntektsbortfallet i perioden frå 15. mars til 30. juni 2020 med maksimalt 15 millionar kroner til kvart selskap. Totalt blei nesten 92 millionar kroner betalte ut til media i første tildeling hausten 2020. Etter at fem aktørar frivillig betalte tilbake 15,7 millionar kroner og fire aktørar fekk betalt 1,4 millionar kroner meir etter omgjering av vedtak, fekk media til slutt tildelt 77,6 millionar kroner.
Vilkår for å få kompensasjon må vere til stades
Det var 169 aktørar og 201 medium som søkte, og opphavleg blei det innvilga 108 søknader for 132 medium. Medietilsynet har i etterkant av utbetalinga gjennomført ein stikkprøvekontroll av selskapa som fekk støtte. Tilsynet ønskte å kontrollere at vilkåra for å få kompensasjon var til stades, og i tillegg avdekke om det var betalt ut for mykje kompensasjon.
– Vi valde ut omtrent ein tredel av dei som fekk støtte, det vil seie 32 støttemottakarar, for ein stikkprøve. Kontrollen resulterte i at elleve mottakarar må betale tilbake totalt 1,55 millionar kroner, seier Sekkelsten.
Aktør (AS) |
Medium |
For mykje tildelt kompensasjon |
Endeleg tildelt kompensasjon |
Zine travel |
Magasinet Reiselyst |
459 813 |
0 |
Norsk fiskerinæring |
Norsk Fiskerinæring |
247 709 |
0 |
Bladet Sunnhordland |
Mediehuset Sunnhordland |
178 624 |
921 385 |
Fri flyt |
Magasinene Fri Flyt, Klatring, Terrengsykkel, Ute og Landevei med tilhørende nettsider |
172 962 |
736 756 |
Alvdal midt i væla |
Alvdal Midt i Væla og Tynsetingen |
136 415 |
130 172 |
Norsk maritimt forlag |
Båtmagasinet og Seilmagasinet |
128 215 |
1 329 463 |
Aperitif |
Bladet Aperitif og nettsiden Aperitif.no |
125 837 |
271 565 |
Dagens næringsliv |
Dagens Næringsliv |
41 275 |
907 721 |
Hammerfestingen |
Hammerfestingen |
36 888 |
487 939 |
Good game |
Gamer.no |
22 117 |
60 885 |
Nemitek |
Magasinene Rørfag, Norsk VVS, Maleren, Norsk Energi, Byggedrifteren og Kulde med tilhørende nettsider |
391 |
755 278 |