Nyhetssaker
Forbod mot tv- og radioreklame 1. juledag
Radio- og tv-kanalane har ikkje lov til å sende vanleg reklame onsdag 25. desember. Mange av kringkastarane vel å gi bort reklameplassen til ideelle organisasjonar denne dagen.
Forbodet mot å sende reklame 1. juledag gjeld berre for radio og tv. Formålet med regelen er at publikum ikkje skal bi utsett for kommersielle bodskapar gjennom media desse høgtidsdagane.
På tv og i radio er ikkje tillaten å sende reklameinnslag på følgjande dagar: Langfredag, 1. påskedag, 1. pinsedag og altså 1. juledag.
– Kringkastarane overheld som regel reklameforbodet på ein god måte. I løpet av dei siste tjue åra har det berre vore nokre få tilfelle der Medietilsynet har oppdaga brot på denne regelen, fortel Hanne Sekkelsten, direktør for juridiske og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.
Dersom ein kringkastar bryt regelen, kan Medietilsynet gi sanksjonar i form av ei åtvaring, eit regelbrotsgebyr eller eit tidsavgrensa forbod mot å sende reklame.
På Medietilsynets sider kan du lese meir om forbodet mot å sende reklame dei fire dagane i året.