1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyhetssaker

Nyhetssaker

Framleis låg lønnsemd for norske medium – frå vondt til verre for lokalradioane

Foto- og videojournalister i arbeid under en demonstrasjon ved Stortinget. Bak dem er det demonstranter og paroler.

Lønnsemda til lokalradioverksemdene er dramatisk forverra dei siste tre åra, og i fjor gjekk 66 av 108 verksemder med driftsunderskott. Også for mediebransjen samla blei 2023 nok eit krevjande år, ifølge tal frå Medietilsynet.

Samla var lønnsemda i norske mediebedrifter på same låge nivå i 2023 som i 2022, da ho var på sitt svakaste sidan finanskrisa. Det viser Medietilsynets rapport «Norsk medieøkonomi 2019–2023». 

Auka inflasjon og høgare renter har både gjort det dyrare å produsere medieprodukt og redusert kjøpekrafta til befolkninga. Med dette bakteppet liknar 2023 på året før, konkluderer Medietilsynet.  

­– Norske medium er inne i ein meir usikker tid etter nokre gode økonomiske år. For bransjen sett under eitt tyder fjoråret på at den svake utviklinga frå 2022 fortset, seier direktør Mari Velsand. 

Aller tøffast å drive lokalradio 

– Etter Medietilsynets vurdering er det viktig med auka innsikt i bidraget lokalradioverksemdene har til mediemangfaldet og en diskusjon rundt det framtidige drifts- og finansieringsgrunnlaget for denne delen av bransjen, seier Velsand. 

Medietilsynet vil mot slutten av året, som ein del av Mediemangfaldsrekneskapen, legge fram ein rapport om innhaldsmangfaldet i media. Her blir det det blant anna jobba med ein nærmare kartlegging av innhaldet i norske lokalradioar.  

Målt etter lønnsemda blei 2023 eitt av dei svakaste åra for norske aviser sidan finanskrisa.  Samla auka likevel driftsresultatet med 69 millionar kroner frå 2022, og driftsmarginen gjekk opp med 0,5 prosentpoeng til 5,9 prosent i 2023.  

– Lønnsemda til avisene er dermed framleis under press, seier direktøren i Medietilsynet. 

Medietilsynet publiserte ein eigen rapport om avisøkonomien tidlegare i år. Innhaldet frå den rapporten er ein integrert del av rapporten om den samla økonomien til mediebransjen som Medietilsynet publiserer i dag.  

Brukarinntektene aukar, mens reklameinntektene fell 

Brukarinntektene er den viktigaste inntektskjelda til avisene og tv-verksemdene, og utgjorde i 2023 over halvparten av inntektene deira. Frå 2022 til 2023 auka brukarinntektene med 282 millionar kroner, betydeleg meir enn året før da auken var på 68 millionar kroner. 

– Dette kan tyde på at ein generelt svakare hushaldsøkonomi har hatt liten negativ effekt på viljen folk har til å betale for medieinnhald, seier Velsand. 

Den nest viktigaste inntektskjelda til media er sal av reklameplass. For mediebransjen sett under eitt gjekk denne typen inntekter ned med 5,6 prosent i 2023, mens dei totale reklameinvesteringane i den norske marknaden berre gjekk ned med 0,9 prosent, ifølge tal frå Institutet för Reklam- och Mediestatistik (IRM). Den generelle nedgangen er altså betydeleg mindre enn nedgangen for dei redaktørstyrte media. Dette er fordi globale aktørar som Facebook og Google fortsette å auke andelane sine i den norske reklamemarknaden i fjor.

Dei største kommersielle radiokanalane går veldig godt 

Trass i nedgangen i reklameinntektene i mediebransjen samla kan dei nasjonale kommersielle radiokanalane vise til enda eit år med auka reklameinntekter. Dei hadde ein vekst i slike inntekter på 5,7 prosent frå 2022 til 2023, noko som bidrog til at denne delen av bransjen, P4 og Radio Norge med tilleggskanalar, fekk ein solid driftsmargin på 21 prosent i fjor. 

Du finn heile rapporten «Norsk medieøkonomi 2019–2023» her

Fakta om økonomien i media i 2023: 

  • Den totale omsetninga til media var på 28,5 milliardar kroner i 2023, det same som i 2022. 
  • Dette er ein vekst på 6,9 prosent samanlikna med 2019, men etter inflasjonsjustering viser tala ein reell nedgang på 8,6 prosent. Nasjonale radioverksemder har hatt minst nedgang i inflasjonsjusterte inntekter dei siste fem åra. 
  • Totalt hadde media eit driftsresultat på 1064 millionar kroner i 2023, 162 millionar kroner meir enn i 2022. Driftsmarginen enda på 5,1 prosent i 2023, opp frå 4,3 prosent i 2022. 
  • Dei nasjonale radioselskapa hadde høgare reklameinntekter i 2023 enn i 2022, mens resten av mediebransjen hadde mindre slike inntekter i 2023. 
  • Lønnsemda blei styrkt i 2023 for avisene og tv-selskapa. Driftsmarginen for avisene gjekk opp med 0,5 prosentpoeng og for tv opp med 1,3 prosentpoeng. Lønnsemda for radioverksemdene gjekk noko ned med 0,2 prosentpoeng. Nasjonal radio fortset trenden gjennom dei siste tre åra med den høgaste lønnsemda i bransjen i 2023. 
  • Brukarinntektene representerte i overkant av 60 prosent av driftsinntektene for både avisene og tv-selskapa i 2023, ein liten oppgang frå 2022. 
  • Driftsresultatet til avisene, inkludert statlege tilskott på 440 millionar kroner, var 752 millionar kroner i 2023 mot 683 millionar i 2022 – opp med 69 millionar kroner. Driftsmarginen til avisene blei samla sett styrkt med 0,5 prosentpoeng til 5,9 prosent. 
  • Dei nasjonale radioselskapa fekk svekt lønnsemda med 1,9 prosentpoeng frå 2022, men var framleis svært lønnsame med ein driftsmargin på 21,1 prosent. 
  • 66 av 108 lokalradioverksemder rapporterte om driftsunderskott i 2023. 

  Abonner på nyheter (RSS)