1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyheitsarkiv
  4. Aktuelt 2020

Nytt fra Medietilsynet

Medietilsynet betaler ut 92 millionar kroner til 132 medium i koronastøtte

Det er flest papiraviser som får støtte. Til saman 59 papiraviser får vel 50 millionar kroner, meir enn halvparten av den totale summen som blir fordelt. Foto Medietilsynet
Det er flest papiraviser som får støtte. Til saman 59 papiraviser får vel 50 millionar kroner, meir enn halvparten av den totale summen som blir fordelt. Foto Medietilsynet

132 medium får utbetalt totalt 92 millionar kroner i kompensasjon for inntektsbortfall som følge av korona-krisa. – Vi håper støtta bidrar til å oppretthalde det norske mediemangfaldet, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.

201 medium søkte om støtte frå ordninga, fordelt på 18 nettaviser, 95 papiraviser, éin lokal-tv-kanal, 20 radiokanalar og 67 tidsskrift.

For å kvalifisere til støtte, må mediet oppfylle kriteria for å få kompensasjon for inntektsbortfall som følge av koronakrisa. Blant anna blir det stilt krav om at mediet må drive regelmessig journalistisk produksjon og kunne dokumentere å ha hatt eit fall i omsetninga på minst 15 prosent samanlikna med same periode i 2019.

Flest papiraviser får støtte

Av dei 132 media som får støtte, er det flest papiraviser. 59 papiraviser får til saman vel 50 millionar kroner, meir enn halvparten av den totale summen som blir fordelt. 47 tidsskrift, 16 radiokanalar og ti nettaviser får støtte.

Adresseavisen får størst tilskott med litt over 11 millionar kroner. På andre plass kommer Dagens Næringsliv med 7,3 millionar kroner, mens P4 Radio Hele Norge får 5,4 millionar kroner. I gjennomsnitt får kvart medium som kvalifiserer til støtte, litt over 820 000 kroner.

Slik er fordelinga til dei ulike mediekategoriane:

Mediekategori

Utbetalt støtte

Antall medium

Papiravis

50 091 851

59

Tidsskrift

15 130 418

47

Radio

15 979 578

16

Nettavis

10 658 438

10

Sum

91 859 851

132

 69 medium som har søkt, kvalifiserer ikkje til å få kompensasjon. 47 medium, eller nær 70 prosent av dei som har søkt, får avslag fordi omsetningsfallet deira er under 15 prosent og dermed ikkje høgt nok til å kvalifisere for støtte. 13 medium får avslag fordi driftsresultatet for dei tre første månadene i 2020 er høgare enn driftsresultatet for same periode i 2019, mens fem medium får avslag fordi dei ikkje har tilsette medarbeidarar. Tre medium får avslag fordi den berekna kompensasjonen er under 25 000 kroner og dermed ikkje blir utbetalt. Eitt medium har gått konkurs.

Sjå heile lista over søkarane og kor mykje dei fekk innvilga i støtte her

Les meir om kompensasjonsordninga for redaktørstyrte medium her

Heile ramma er ikkje fordelt

Stortinget har løyvd 300 millionar kroner til kompensasjonsordninga, mens det altså berre er fordelt ein knapp tredel.

– Medietilsynet må vurdere søknadene opp mot kriteria i forskrifta, og når dei som er kvalifiserte får støtte, blir summen vel 92 millionar kroner. Kva som skjer med dei resterande 208 millionane er ikkje avklart. Det må Kulturdepartementet ta stilling til, seier Velsand.