1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyhetssaker

Nyhetssaker

Medietilsynet fordeler 4,6 millionar til forsking på medium og dataspel

Støtta til medieforsking blir fordelt på ti forskingsprosjekt og sju masteroppgåver. Eitt av prosjekta får støtte frå regjeringa sin handlingsplan mot speleproblem. Foto Unsplash
Støtta til medieforsking blir fordelt på ti forskingsprosjekt og sju masteroppgåver. Eitt av prosjekta får støtte frå regjeringa sin handlingsplan mot speleproblem. Foto Unsplash

Hovudtyngda av prosjekta som får støtte, handlar om kritisk medieforståing og tar utgangspunkt i utfordringar knytte til dagens mediebruk. – Vi støttar blant anna prosjekt om personvern og bildedeling av barn, og korleis innhald laga med kunstig intelligens påverkar samfunnet og enkeltmenneske, seier Hanne Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.

Medietilsynet har prioritert forskingsprosjekt innanfor tema om mediemangfald og kritisk medieforståring i tildelinga i år når 17 prosjekt no får til saman nær 4,6 millionar kroner i støtte til forsking på medium og dataspel.

Forsking på kunstig intelligens og personvern

Støtta blir fordelt på ti forskingsprosjekt og sju masteroppgåver. Eitt av prosjekta får støtte frå regjeringa sin handlingsplan mot speleproblem. Medietilsynet fekk inn totalt 39 søknader.

Blant prosjekta som får støtte, er prosjektet til forskar Petter Bae Brandtzæg ved Universitetet i Oslo om korleis den raske framveksten av AI-generert innhald og ei AI-driven offentlegheit påverkar mediemangfaldet og den kritiske medieforståinga i befolkninga.

Forskar Anna Grøndahl Larsen ved SINTEF får støtte til prosjektet Mediebruk og lokale offentligheter i et fragmentert medielandskap, der målet er å få djupkunnskap om mediebruk og den rolla lokalmedia speler i lokale offentlegheiter. Forskar Clara Julia Reich ved Oslomet ønsker å undersøke korleis personvernet og den kritiske medieforståinga blant foreldra blir teken vare på når dei deler bilde av barna sine i sosiale medium, i prosjektet «Sharenting» – til barnets beste?

Dobbelt så mykje til forsking på dataspel som det øyremerkte beløpet

Medietilsynet fordeler totalt over 780 000 kroner til prosjekt som forskar på dataspel. Det er nesten dobbelt så mykje som dei 400 000 kronene regjeringa har øyremerkt i handlingsplanen sin mot speleproblem.

Forskar Beate Wold Hygen ved NTNU Samfunnsforskning får 396 000 kroner til prosjektet Toxic adferd i spill – et problem for alle, men verst for jenter? Målet er å få meir kunnskap om korleis giftig åtferd bli opplevd, og kva det gjer med dei som blir utsette for slik åtferd. Ønsket til Hygen er at kunnskap om giftig åtferd kan brukast i opplæring for å synleggjere problemet.

Forskar Anita Borch ved Oslomet får 360 000 kroner for å forske på forholdet unge dataspelarar har til såkalla «lootboksar», mens Ida Martine Skjerlie Gard får 27 000 kroner til masteroppgåva si «Kjønnsstereotypier og transgressive spillkarakterer».

Les meir om støtte til medieforsking her

Desse får støtte til medieforsking i 2023

Søkar

Tittel på prosjektet

Innvilga beløp (kr)

Universitetet i Oslo – Petter Bae Brandtzæg

En AI-drevet offentlighet

850 000

SINTEF

Mediebruk og lokale offentligheter i et fragmentert medielandskap

692 000

Oslomet – Clara Julia Reich

«Sharenting» – til barnets beste? Personvern og kritisk medieforståelse knyttet til foreldres deling av egne barn i sosiale medier

620 000

Institutt for samfunnsforskning

Alarmerte borgere: Informasjonsmiljø, mediebruk og offentlig tilknytning (ALARM)

540 000

NTNU Samfunnsforskning – Beate Wold Hygen

Toxic atferd i spill – et problem for alle, men verst for jenter?

396 000

Oslomet – Anita Borch

Overraskelsesboks eller pengespill: Unge dataspilleres forhold til «lootboxes»

360 000

Nord Universitetet – Karianne Sørgård Olsen

Lokaljournalistikkens lokal-digitale forankring

300 000

Universitetet i Bergen – Leif Ove Larsen

Kulturjournalistikk 3.0. Kulturen i nyhetsmediene: Avvikling eller reorientering?

279 000

Nordiske mediedager – Silje Hammersland

Medieundersøkelsen 2023

250 000

Håskoll-Haugen

Hvorfor alle elsker triste historier om Afrika

100 000

Masterstipend på 27 000 kroner

 

 

Ida Martine Skjerlie Gard

Kjønnsstereotyper og transgressive spillkarakterer

27 000

Hanna Kvamme

Personvernsholdninger på Instagram – en komparativ studie av to kulturelle generasjoner

27 000

Lone Einan

Nyhetsformidling på TikTok: En studie av TV 2 sine nyheter på TikTok

27 000

Eline Løndal

Studie av norske mediers dekning av klimaendringer

27 000

Anna Mork Holm

Sosiale medier som læringsverktøy på videregående

27 000

Kristine Hansen

Unge voksne sin opplevelse av nyhetspodkaster

27 000

Jenny Westrum-Rein

Profesjonelt medmenneske

27 000

  Abonner på nyheter (RSS)