Nytt fra Medietilsynet
Medietilsynet har vurdert nye søkarar: Avisene Varden, Karmøynytt, Stord24, Nidaros og Subjekt er nye støttemottakarar
Fem av åtte nye aviser som søkte om produksjonstilskott i år, kjem inn i ordninga. Det er klart etter at Medietilsynet har vurdert dei nye søkarane i år. – Dei tre avisene som får avslag, oppfyller etter vår vurdering ikkje kriteria for å få støtte, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet. Årets støtte på totalt 370 millionar kroner blir fordelt om kort tid.
Produksjonstilskottet er den største av dei direkte mediestøtteordningane og skal bidra til eit mangfald av nyheits- og aktualitetsmedium over heile landet. Støtteordninga er plattformnøytral og likestiller derfor papir- og nettaviser.
Totalt skal 370 millionar kroner fordelast mellom lokalaviser, vekeaviser og nasjonale nisjeaviser (alternativ til dei leiande nasjonale dagsavisene) i 2021. Av dei 152 avisene som fekk støtte i fjor, fekk Klassekampen mest støtte, følgt av Bergensavisen, Vårt Land og Dagsavisen.
Avisene må oppfylle ei rekke krav for å få støtte
Nettavisene Nidaros, Subjekt, Vefsn No og avisa Varden søkte støtte for første gong i år, mens dei lokale nettavisene Nett.no, Karmøynytt, Stord24 og Bodø.nu søkte på nytt etter at dei fekk avslag på søknadene sine om støtte i fjor. Dei to publikasjonane Nett.no og Bodø.nu klaga på vedtaket i Medietilsynet i fjor, men får avslag igjen i år.
For å få produksjonstilskott må avisa oppfylle ei rekke krav. Publikasjonen må blant anna ha som hovudformål å formidle nyheiter, aktualitetsstoff og samfunnsdebatt til allmennheita, i tillegg til å ha eit breitt tilbod av nyheits, aktualitets- og debattstoff frå ulike samfunnsområde.
Nett.no, Bodø.nu og Vefsn.no får avslag
Den regionale nettavisa Nett.no, som dekker nærings- og samfunnsliv i Nordfjord og på Sunnmøre, får avslag for tredje gong. – Nett.no får avslag fordi avisa etter Medietilsynets vurdering ikkje oppfyller kravet i forskrifta om å innehalde eit breitt tilbod av nyheits-, aktualitets- og debattstoff frå ulike samfunnsområde, seier Velsand.
Også den lokale nettavisa Bodø.nu, som har Bodø kommune som nedslagsfeltet sitt, får avslag på nytt, etter først å ha fått avslag i fjor. – Fordi Bodø.nu har eit overskott på meir enn seks millionar kroner totalt dei siste åra, som er grensa på det ei avis kan ha i overskott for å få støtte, får avisa avslag også i år, seier Velsand.
Den lokale nettavisa Vefsn.no, som har basen sin i Mosjøen, får avslag på støtte fordi avisa ikkje oppfyller kravet om å ha eit opplag på minst 1000 eksemplar.
Oversikt over dei åtte nye avisene som har søkt om produksjonstilskott
Avis |
Type avis |
Får støtte |
Grunngiving |
Varden |
Lokal papir- og nettavis |
Ja |
Kvalifiserer til å få støtte som nummer to-avis |
Nidaros |
Lokal nettavis |
Ja |
Kvalifiserer til å få støtte som nummer to-avis |
Subjekt |
Nisjeavis innanfor kultur på nett |
Ja |
Kvalifiserer til å få støtte som nasjonalt nisjemedium |
Karmøynytt |
Lokal nettavis |
Ja |
Kvalifiserer til å få støtte som aleineavis |
Stord24 |
Lokal nettavis |
Ja |
Kvalifiserer til å få støtte som nummer to-avis |
Nett.no |
Regional nettavis innanfor næringsliv |
Nei |
Inneheld ikkje eit breitt nok tilbod av nyheits-, aktualitets- og debattstoff frå ulike samfunnsområde |
Bodø.nu |
Lokal nettavis |
Nei |
Har hatt for stort overskott totalt dei siste tre åra |
Vefsn.no |
Lokal nettavis |
Nei |
Har eit opplag på under 1000 eksemplar |
Fakta om produksjonstilskott for nyheits- og aktualitetsmedium
- Produksjonstilskottet er den største direkte mediestøtteordninga, og Medietilsynet forvaltar ordninga. I 2021 blir 369,6 millionar kroner fordelte i støtte. Støttebeløpet auka med 12 millionar kroner frå 2020, etter ei justering for pris- og lønnsvekst.
- Produksjonstilskottet skal bidra til eit mangfald av nyheits- og aktualitetsmedium over heile landet. Ordninga er plattformnøytral, som betyr at alle nyheits- og aktualitetsmedium på papir og nett, med unntak av kringkastarar, kan søke.
- Ordninga er særleg retta mot medium i marknader som er for små til å vere berekraftige, og medium som er alternativ til dei leiande media i større marknader. Produksjonstilskottet skal korrigere for marknadssvikt for mindre nyheitsmedium og nummer to-medium i slike marknader.
- Årets søknadsfrist var 25. mars. Støtta er fordelt på forskott i januar, april og juni til dei media som allereie er inne i ordninga, før alle støttemottakarane, inkludert nye søkarar som kjem inn i ordninga, får vedtak og endeleg støttebeløp i oktober/november.
- Når nye aviser søker støtte, vurderer Medietilsynet søkaren opp mot krava i forskrift om produksjonstilskott til nyheits- og aktualitetsmedium om blant anna innhald, utgåver/opplag og driftsøkonomi.