Nyhetssaker
Millionar til prosjekt om KI i lokalaviser og nærradio
Norske lokalmedium vil lære meir om kunstig intelligens. Fleire får innovasjonsstøtte frå Medietilsynet til prosjekt som skal vurdere god bruk av KI.
Medietilsynet har fordelt nær 23 millionar kroner i innovasjons- og utviklingstilskott til nyheits- og aktualitetsmedium. Blant 71 søknader får 41 prosjekt pengar frå støtteordninga.
– Målet med innovasjonsstøtta er å styrke det norske mediemangfaldet og særleg fremme redaksjonell, innhaldsretta innovasjon og utvikling i små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium, seier Hanne Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.
I år går om lag tre av fire støttekroner, totalt nesten 17 millionar kroner, til små, lokale medium.
– Innovasjonsstøtta skal hjelpe nettopp små og lokale medium til å digitalisere og fornye seg, seier Sekkelsten.
Mange KI-prosjekt i år
Kunstig intelligens, KI, var eit tema som gjekk igjen i søknadsbunken, og fleire får pengar til KI-prosjekt.
Hallingdølen og eit samarbeidsprosjekt med fire andre lokalaviser om KI får mest pengar, med 1 331 500 kroner. Medietilsynet legg vekt på at dette vil ha stor overføringsverdi til andre lokalmedium når prosjektet er gjennomført.
JærRadioens prosjekt «KI som utjevningsmandat» får 1 140 000 kroner. Også her er det lagt vekt på overføringsverdi, og at prosjektet vil gi verdifull erfaring som mange kan lære av. JærRadioen søkte på vegner av elleve kommersielle lokalradioverksemder i JærRadiogruppen.
Avisa Hemnes får 1 142 000 kroner til prosjektet «Hvordan kan de aller minste avisene bruke AI og levende bilder».
Mest støtte til små, lokale medium
Ikkje alle prosjekt dreier seg om kunstig intelligens. Det blir også gitt støtte til anna innovasjon og utvikling.
Storfjord Bladlag (Storfjordnytt) får 1 250 000 kroner til prosjektet «Brukarinnsikt». Fleire enn ti lokalaviser står bak prosjektet som handlar om innsiktverktøy og utvikling av redaksjonelt innhald basert på analysar.
Fleire nærradioar får tilskott til teknisk oppgradering. NEA Radio får éin million kroner, mens fleire andre radioverksemder får 300 000 kroner kvar.
Faktaboks om innovasjonsstøtta:
- Innovasjons- og utviklingstilskottet er i 2024 på 22 825 000 kroner.
- Støtta skal særleg fremme redaksjonell, innhaldsretta innovasjon og utvikling i små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium.
- Om lag 17 millionar kroner går i år til små, lokale medium.
- Medietilsynet fordeler støtta etter innstilling frå Fagutvalet for innovasjons- og utviklingstilskott.
- Det kom inn 71 søknadar til behandling i år. Til saman blei det søkt om litt meir enn 60 millionar kroner.
- 41 av søknadene fekk innvilga støtte.
- Innovasjonsstøtta blei innført i 2018 etter forslag frå Mediemangfaldsutvalet.