1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyhetssaker

Nyhetssaker

Nær 23 millionar til innovasjon i nyheits- og aktualitetsmedium

Mann står foran en vegg med seks tv-skjermer som viser forskjellige nettaviser.

Medietilsynet skal fordele 22,8 millionar kroner i innovasjonsstøtte i 2024, og opnar nå for søknader.

Støtteordninga skal særleg stimulere til redaksjonell, innhaldsretta innovasjon og utvikling i nyheits- og aktualitetsmedium, og små og lokale medium blir prioriterte. Støtta aukar frå 21,5 millionar i fjor. 

Prosjekt som kan få støtte, kan for eksempel vere redaksjonell, innhaldsretta innovasjon, prosjekt som stimulerer til deling og samarbeid, eller det kan vere tiltak som rettar seg mot minoritetar og grupper som ikkje sjølve aktivt søker nyheiter. 

– Innovasjonsstøtta skal gjere det lettare å digitalisere og drive innovasjon, særleg for små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium, seier Hanne Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.

Ny rutine for å søke om tilskott 

Alle søkarane må laste opp ein prosjektplan og eit budsjett. Søkarar må dessutan dokumentere at dei er eit nyheits- og aktualitetsmedium. Søkar må også gi Medietilsynet brukartilgang til publikasjonen.  

Frå i år må alle som søker, levere meir informasjon enn tidlegare. Sjå meir om dette på Medietilsynets nettside. Bakgrunnen for dei nye krava til dokumentasjon er føringar frå Medieklagenemnda om at Medietilsynet må gjere grundige analysar av innhaldet i mediet det blir søkt om støtte til.  

Det er viktig at alle søkarane lastar opp dokumentasjonen vi ber om innan fristen.  

Har du spørsmål om innovasjonsstøtta, kan ta du ta kontakt med Heidi Schau-Hvatum i Medietilsynet. 

Søknadsfristen er 1. mars. Medietilsynet tar sikte på å behandle ferdig søknadene i mai 2024.

 

Fakta om innovasjonsstøtta: 

  • Støtteordninga tredde i kraft 1. juli 2018. 

  • Ordninga skal fremme mediemangfald og ein opplyst offentleg samtale gjennom å stimulere til redaksjonell, innhaldsretta innovasjon og utvikling i nyheits- og aktualitetsmedium. 

  • Ordninga er særleg retta mot små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium. 

  • Forskrifta blei revidert i 2023, slik at fleire medium i fagpressa får høve til å søke om støtte. I tillegg får små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium ein høgare støttedel. Frå å få støtte på inntil 50 prosent av kostnadene til prosjektet kan dei nå få dekt inntil 75 prosent av kostnadene ved prosjektet. 

  • Frist for å søke støtte for 2024 er 1. mars 2024. 

  • Prosjekt som omhandlar digitalisering, prosjekt som rettar seg mot innvandrarar eller språklege minoritetar og prosjekt som er retta mot tenester for personar med funksjonsnedsettingar, blir prioriterte. 

  Abonner på nyheter (RSS)