Nyhetssaker
Samiske aviser kan søke om 40 millionar kroner
Medietilsynet opnar no for årets søknader om støtte til samiske aviser og samiskspråklege avissider. Søknadsfristen er 14. april. I år skal det fordelast litt over 40 millionar kroner.
Støtteordninga er retta mot aviser som har den samiske befolkninga som viktigaste målgruppe, eller aviser som fast og regelmessig publiserer samiskspråkleg nyheits- og aktualitetsinnhald. Formålet er å leggje til rette for demokratisk debatt, meiningsdanning og språkutvikling i det samiske samfunnet.
– Aviser som har den samiske befolkninga som målgruppe, speler ei viktig rolle for det samiske samfunnet og bidrar til å gjere dei samiske skriftspråka meir synlege, seier Hanne Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.
Dei fire avisene Ávvir, Ságat, Snåsningen og NordSalten Avis, fekk til saman drygt 39 millionar kroner i stønad i 2022. Dagsavisene Ávvir og Ságat fekk mest, med respektive 20,3 og 17,2 millionar kroner i stønad. Ávvir blir gitt ut på nordsamisk, mens Ságat i hovudsak skriv på bokmål. Snåsningen og NordSalten Avis fekk tilskot til avissider på samisk.
Medietilsynet behandlar ferdig søknadene til hausten.