Nytt fra Medietilsynet
TV 2 oppfylte dei fleste krava som allmennkringkastar i 2021
TV 2 oppfylte dei fleste krava som allmennkringkastar og mottar full kompensasjon på 135 millionar kroner for 2021, viser tilsynsrapporten frå Medietilsynet. – Brota på krav om lokalisering skjedde som følge av koronapandemien og får derfor ikkje konsekvensar for TV 2, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.
Avtalen mellom TV 2 og staten varer frå 1. januar 2019 til 21. desember 2023. Som kommersiell allmennkringkastar skal TV 2 blant anna levere eigenproduserte daglege riksdekkande nyheitsprogram med base i den sentrale nyheitsredaksjonen, norskspråklege program for barn og unge og førstegongsvisningar av norsk film og tv-drama.
TV 2 har investert over 240 millionar kroner i norsk film og tv-drama siste tre år
TV 2 har totalt investert over 240 millionar kroner i norsk film og tv-drama sidan avtalen blei inngått for tre år sidan og er derfor svært nær å nå minimumsnivået på 250 millionar kroner, som kanalen forplikta seg til å investere i løpet av heile avtaleperioden.
– At dei norske allmennkringkastarane fremmer norskprodusert innhald som reflekterer norsk språk, kultur og identitet og norske samfunnsforhold, blir stadig viktigare i ein globalisert strøymemarknad, seier Velsand.
TV 2 braut lokaliseringskrav på grunn av koronapandemien
Også i 2021 førte koronapandemien til periodar med nasjonale pålegg og anbefalingar om heimekontor. Dette var årsaka til at TV 2s nyheitsredaktør i 2021 var betydeleg mindre til stades i Bergen enn avtala forutset. Dermed braut TV 2 delar av krava til lokalisering av allmennkringkastingsverksemda i Bergen.
– Fordi koronapandemien er ei hending utanfor TV 2s kontroll, vil Medietilsynet verken avkorte kompensasjonen eller gi sanksjon som følge av brota, seier Velsand.
TV 2 rapporterer om stort behov og høg interesse for nyheiter
Redaktørstyrte journalistiske medium var viktige informasjonskjelder for alle aldersgrupper og segment av befolkninga under pandemien, og mange vende seg til allmennkringkastarane for å få oppdatert og truverdig informasjon. 2021 blei også eit år med stort behov og høg interesse for nyheitsinnhald, og TV 2 hadde ei viktig rolle i dekninga av stortingsvalet.
– TV 2 rapporterer at det blei brukt store redaksjonelle ressursar på valdekninga og løpande dekning av pandemien, og som allmennkringkastar gjer TV 2 greie for at det blir satsa på undersøkande journalistikk og å sette nyheitssakene inn i ei forståeleg kontekst, seier Velsand.
Medietilsynet har foreslått justeringar før ny avtale blir lyst ut
På oppdrag frå Kultur- og likestillingsdepartementet evaluerte Medietilsynet nyleg kompensasjonsordninga for kommersiell allmennkringkasting på tv for å sjå om det er behov for å justere avtalen før den blir lyst ut for neste periode. Dei tre mediepolitiske måla for kommersiell allmennkringkasting er å oppretthalde mediemangfaldet, sikre ein reell konkurrent til NRK og sikre riksdekkande nyheitssendingar som blir produserte og sende utanfor Oslo.
– Vi konkluderte med at avtala så langt har sikra eit nasjonalt nyheitstilbod som blir produsert utanfor hovudstaden og har gitt publikum variert norskprodusert innhald, seier Velsand. Medietilsynet foreslår likevel nokre justeringar før ein ny avtale blir lyst ut.
Evalueringa er ein del av grunnlaget når Stortinget til hausten skal ta stilling til om det framleis skal bli løyvt pengar til ei slik kompensasjonsordning og eventuelle endringar i avtala.
Les heile rapporten om TV 2s allmennkringkastingsoppdrag for 2021 her
Ikkje tid til å lese heile rapporten? Les kortversjonen av TV 2s allmennkringkastingsoppdrag her
Hovudkonklusjonar frå tilsynet for 2021
- TV 2 oppfylte dei aller fleste krava innanfor allmennkringkastingsoppdraget på hovudkanalen. TV 2 mottar full kompensasjon på 135 millionar kroner for 2021.
- TV 2 hadde daglege nyheitssendingar frå den sentrale nyheitsredaksjonen i Bergen. Med 170 redaksjonelle årsverk og over 350 millionar kroner i redaksjonelle kostnader til nyheitssendingane på hovudkanalen, oppfylte TV 2 forpliktingane med god margin.
- TV 2 oppfylte krava om tilbod til barn ved å vise norskspråkleg barne-tv kvar helg og ved å sende jamlege norskspråklege program for unge i alderen 13 til 19 år.
- TV 2 formidla førstegongsvisningar av norsk film og tv-drama, og innfridde med god margin kravet til årleg gjennomsnitt på 50 millionar kroner til innkjøp av produksjonar.
- TV 2 oppfylte krava om å formidle allmennkringkastingsinnholdet lineært på hovudkanalen og ikkje-lineært i TV 2 Play. TV 2 oppfylte også kravet om å vere tilgjengeleg i distribusjonsnett som kan bli tatt imot av minst 95 prosent av alle husstandane i Noreg (teknisk dekning).
- Med hovudredaksjon og sentral nyheitsredaksjon i Bergen tilfredsstiller TV 2 kravet om at desse redaksjonane skal vere lokaliserte minst 100 kilometer utanfor Oslo sentrum. Kravet om hovudredaksjon blir ifølge avtalen delvis oppfylt ved at Bergen er staden der majoriteten av dei redaksjonelle avgjerdene til TV 2 blir tatt.
- Medietilsynet vurderer at TV 2 i 2021 verken oppfylte kravet om at nyheitsredaktøren skal ha arbeidsstad ved den sentrale nyheitsredaksjonen i Bergen for den delen av stillinga som er knytt til allmennkringkastingsoppdraget, eller kravet om at majoriteten av både større og mindre avgjerder knytte til nyheitene, blei tatt ved den sentrale nyheitsredaksjonen i Bergen. Begge desse brota skjedde på grunn av koronapandemien og ligg utanfor TV 2s kontroll. Medietilsynet vil derfor ikkje følge opp desse brota.
- TV 2 oppfylte alle dei såkalla «minimumskrava» i allmennkringkastingsavtalen. Dette er krav TV 2 ikkje får dekt nettokostnadane for å levere. Kringkastaren oppfylte kravet om å basere programtilbodet i hovudkanalen på prinsippa for allmennkringkasting, kravet om at profilen i programtilbodet skal vere av allmenn karakter og interesse og kravet om å tilby program både for breie og smale grupper.
- Med 52 prosent norskspråklege program på hovudkanalen oppfylte TV 2 kravet om at norskspråklege program skal utgjere minst 50 prosent av sendetida. TV 2 hadde ei rekke nynorsktalande nyheitsanker og reporterar i 2021 og oppfylte kravet om å nytte begge dei offisielle målformene.