1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyheitsarkiv
  4. Aktuelt 2015

Nytt fra Medietilsynet

Radiodigitalisering skjer i 2017

Regjeringa har no konkludert med at vilkåra for teknologiskiftet er innfridde. Det blir dermed ei FM-sløkking i Noreg i 2017. Sløkkinga vil bli gjennomførd regionvis. Dei fleste lokalradioar vil kunne fortsetje på FM også etter 2017.

Sløkkevedtak

Kulturminister Torhild Widvey uttaler i ei pressemelding at digitaliseringa av radioen opnar for eit langt større mangfald av radiokanalar som vil kome lyttarar i heile landet til gode.Statsråden uttaler vidare at digitaliseringa opnar for auka konkurranse, og auka moglegheiter for innovasjon og utvikling.  Les Kulturdepartementets pressemelding her.

– Medietilsynet tar regjeringa si avgjerd til etterretning, seier Line Langnes i Medietilsynet. – Tilsynet vil fortsetje oppgåva si med å informere befolkninga om overgangen frå analog til digital radio. Vi vil også fortsetje dialogen vi har hatt med både radio, bil- og elektronikkbransjen gjennom fleire år.

Regionvis sløkking

FM-sendingane vil bli sløkka regionvis etter følgjande plan:

Nordland

Felles

11.01.2017

Trøndelag, Møre og Romsdal

NRK

P4, Radio Norge, lokalradio

08.02.2017

21.04.2017

Telemark, Buskerud, Hedmark og Oppland

NRK

P4, Radio Norge, lokalradio

26.04.2017

16.06.2017

Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Agder

NRK

P4, Radio Norge, lokalradio

21.06.2017

15.09.2017

Østfold, Vestfold, Oslo, Akershus

NRK

P4, Radio Norge, lokalradio

20.09.2017

08.12.2017

Troms og Finnmark

Felles

13.12.2017

Lokalradio 

Dei fleste lokalradioane vil kunne fortsetje å sende på FM også etter 2017.Berre enkelte større, kommersielle lokalradioar vil måtte bli heildigitale.Kven dette er, og andre rammevilkår for lokalradio etter 2017, vil bli behandla av Stortinget i løpet av våren.Det er venta at Kulturdepartementet vil leggje fram ei eiga stortingsmelding om lokalradio i løpet av kort tid.

Fakta – dette er sløkkevilkåra som nå er oppfylte:

  1. NRK må ha ei dekning tilsvarande P1-dekning på FM i dag, som er 99,5 prosent
  2. Dei kommersielle radiokanalane må ha 90 prosent befolkningsdekning
  3. Dei digitale radiokanalane må gi ein innhaldsmessig og teknologisk merverdi for lyttarane
  4. Det må finnast rimeleg og teknisk tilfredsstillande løysing for radiomottak i bil.Presisering frå 2013: Alle landets fylke og minst halvparten av alle kommunar, må ha tilbod om ettermontering på plass 

  5. Minst halvparten av radiolyttarane må dagleg høyre på ein digital plattform (lyttarkravet omfattar radiolytting på all teknologi som formidlar digital radio. Kriteriet er formulert på denne måten for å fange opp kor modne lyttarane er for å ta i bruk digital distribusjonsteknologi)