Nytt fra Medietilsynet
To nye rettleiarar til kringkastarar og tilbydarar av audiovisuelle bestillingstenester

Den eine omhandlar identifikasjon i fjernsyn og audiovisuelle bestillingstenester og den andre gjeld europeiske produksjonar.
Medietilsynet har laga to rettleiarar til kringkastarar og tilbydarar av audiovisuelle bestillingstenester.
Den eine omhandlar identifikasjon i fjernsyn og audiovisuelle bestillingstenester og den andre gjeld europeiske produksjonar.
Formålet med rettleiaren om identifikasjon er å gi ei oversikt over kringkastingslova sine reglar om dette og på kva måte aktørane kan identifisere seg.
Formålet med rettleiaren om europeiske produksjonar er i fyrste rekkje å gi rettleiing om korleis fjernsynskringkastarar og tilbydarar av bestillingstenester kan fremme europeisk programinnhald.
Sjå fleire rettleiarar og anna knytta til lovverk her: Lovar og reglar
For meir informasjon, ta kontakt med Hanne Sekkelsten eller Stine Elisabeth Henriksen.