Nytt fra Medietilsynet
Digitalradioskiftet er halvvegs
Den 16. juni slokk dei riksdekkande kommersielle kanalane i Telemark, Buskerud, Hedmark og Oppland. I tillegg har lokalradioen NRJ Røyken og Hurum også slokke sine FM-sendingar i Buskerud.
Etter denne sløkkinga er radioskiftet gjennomført i 3 av 6 sløkkeregionar. Allereie onsdag 21. juni fortset radioskiftet når NRK sløkk sine FM-sendingar i Aust-Agder, Vest-Agder, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.
Viktig om lokalradio
Andre lokalradioar enn NRJ Røyken og Hurum i Buskerud kan fortsetje å sende på FM. I Telemark, Hedmark og Oppland er det ingen lokalradioar som må sløkke. Her finn du ei oversikt over kva lokalradioar som har løyve til å sende på FM.
Råd og hjelp
Om du vil lytte til digitalradio vil du trenge ei digital radioløysing. Slike løysingar kan vere DAB+, appar, internett og tv. Hugs at radiolytting gjennom internett krev bruk av wi-Fi eller mobildata. Om du lurer på når FM-nettet blir slokke der du bur, finn du ei fullstendig oversikt her.
Du kan også få ei oversikt over kva for kanalar som er tilgjengelige der du bur på radio.no. Om du har spørsmål eller ønskjer informasjon om det digitale radioskiftet, kan du lese meir på Medietilsynets nettside om digitalradio. Her finn du mellom anna informasjon om dekning og mottak, kanalsøk, DAB+ i bil og gjenvinning av FM-radioar. Du finn også nyttig informasjon om DAB på NRK sine nettsider.
Kontaktperson: Line Langnes