Nytt fra Medietilsynet
FM-sløkking i Telemark, Buskerud, Hedmark og Oppland
I dag, 26. april, fortsetter det digitale radioskiftet med sløkking av FM-sendingane til NRK i Telemark, Buskerud, Hedmark og Oppland.
Er du klar?
Om du som bur i Telemark, Buskerud, Hedmark og Oppland ønskjer å lytte til NRK etter 26. april, vil du trenge ei digital radioløysing. Du kan lytte til digitale radiosendingar via DAB+, apper, internett og tv. Hugs at radiolytting gjennom internett krev internettoppkopling eller bruk av mobildata.
– I sommarhalvåret bruker mange helger og fridagar på hytta, i båten eller i campingvogna. Hugs at radioskiftet kan bli gjennomført tidlegare der du har fritidsbustad eller ferdast med båt, enn der du bur. Eit tips er derfor å sjekke kva radioar du har på hytta eller i båten, slik at du kan planleggje korleis du vil lytte på radio når radioskiftet er gjennomført. Ikkje gløym at dei fleste lokalradioar fortset å sende på FM, seier Gudbrand Guthus, direktør for konsesjon og tilsyn i Medietilsynet.
Råd og hjelp
Om du lurer på når FM-nettet blir sløkt for NRK og dei riksdekkande radiokanalane der du bur, finn du ei fullstendig oversikt her.
Du kan også få ei oversikt over kva for kanalar som blir tilgjengelege der du bur på radio.no. Om du har spørsmål eller ønskjer informasjon om det digitale radioskiftet, kan du lese meir på Medietilsynets nettside om digitalradio. Her finn du mellom anna informasjon om dekning og mottak, kanalsøk, DAB+ i bil og gjenvinning av FM-radioar.
Du finn også nyttig informasjon om DAB på nrk.no/dab og radio.no.