Nytt fra Medietilsynet
No kan du søkje om stønad til ditt medium
Uavhengig av publiseringsplattform kan nyheits- og aktualitetsmedium få tilskot etter forskrift om produksjonstilskot. Unnataket er kringkastarar og lokalkringkastarar. Fristen for å søkje er 3. april.
Søknadsskjemaet om tilskot for 2017 er no klart. Søkarar som ikkje held fristen, mister retten til tilskot.
Tildelinga blir klar i oktober.
Kulturdepartementet har sett årets budsjettramme for produksjonstilskot til 313 millionar kroner. Avisene får eit endeleg vedtak om produksjonstilskot for 2017 i oktober når behandling og oppgjer av produksjonstilskotet er klart.
På same måte som i fjor, går heile søknadsprosessen elektronisk ved at du vel ID-porten når du loggar deg inn på skjemaet. ID-porten er ei felles innloggingsløysing for offentlege tenester på internett og tilbyr sikker innlogging ved bruk av elektronisk ID.
Har du spørsmål rundt tilskotsordninga eller utfylling av skjemaet? Ring oss for rettleiing på 69 30 12 00, eller send ein e-post til post@medietilsynet.no.
Søknadsskjema og meir informasjon om korleis du søker, finn du her
Kontaktperson: Nina Bjerke