Nytt fra Medietilsynet
Søk om RAM-midlar til medieforsking
Stønadsordninga har eit klart mål om at forskinga skal vere praktisk orientert og kunne nyttast i mediekvardagen. Fristen for å søkje midlar for 2018 er 1. oktober 2017.
Medietilsynet skal fordele midlar til bruksretta medieforsking med særleg vekt på forsking på tvers av media, og på tema som gjeld redaksjonelle, økonomiske og tekniske tilhøve.
Det er Rådet for anvendt medieforskning som behandlar dei innkomne søknadene og utarbeider ei innstilling til Medietilsynet. Det er tilsynet som tar den endelege avgjerda om avslag og løyvingar.