Nytt fra Medietilsynet
Medietilsynet har tilsyn ved stortingsvalet 10. og 11. september
Etter vallova er det forbode å offentleggjere valresultat og valdagsmålingar før kl. 21.00 på valdagen måndag. Vi ønskjer tips frå publikum om eventuelle brot. I år gjeld forbodet søndag 10. og måndag 11. september.
Forbodet mot offentleggjering av valresultat, valdagsmålingar og andre prognosar gjeld stortingsval og kommune- og fylkestingsval i alle samanhengar og medium. Brot på regelen kan føre til bøter. Etter valet i 2015 fekk NRK eit lovbrotsgebyr på 300 000 kroner og Svelviksposten 50 000 kroner.
Døme på brot kan vere å leggje ut ei Facebook- eller Twitter-melding eller ei nettsak eller offenleggjere resultat eller prognosar på tv eller radio. Spørjeundersøkingar på nett der publikum kan oppgi kva parti dei røystar på, kan også vere i strid med lova. Forbodet gjeld ikkje offentleggjering av meiningsmålingar som er laga før valdagane.
Formålet med forbodet er å hindre at veljarane blir påverka mens røystinga går føre seg og eit ønske om å sikre ei roleg og verdig gjennomføring av røystinga.
Forbodet gjeld alle. Medietilsynet kan vedta at føretak må betale gebyr dersom dei bryt lova.
Medietilsynet har oppretta ei teneste der du kan sende oss ein e-post om du meiner det blir offentleggjort valresultat eller målingar i strid med lova: valg@medietilsynet.no
Medietilsynet følgjer opp på begge valdagane.
Har du spørsmål? Ta kontakt med Gudbrand Guthus, Erik Langebeck eller Robin Welhaven Føyen