Nytt fra Medietilsynet
Ny samisk avis får distribusjonstilskott i Finnmark
I tillegg til dei 12 Finnmarks-avisene som har fått distribusjonstilskott i tidlegare år, er det ei ny avis som får tilskott - SÁMI magasiidna.
13 aviser i Finnmark får tilsaman utbetalt 2 190 000 kroner i distribusjonstilskott for 2019. Den einskilde avisa får utrekna distribusjonstilskott ut frå kor mange aviseksemplar som blei distribuerte med post til abonnentar i 2018.
Topografi, spreidd busetnad og klima gjer avisdistribusjon kostnadskrevjande i Finnmark. Det er difor et eige distribusjonstilskott til aviser i dette fylket, som blir fordelt av Medietilsynet.
Aviser i Finnmark kan søke distribusjonstilskott i tillegg til produksjonstilskott. Stønaden om distribusjonstilskott blir fastsett ut i frå mengda dokumenterte distribuerte aviseksemplar.
Distribusjonstilskott til aviser i Finnmark 2019 |
||
Altaposten |
80 441 |
|
Ávvir |
230 180 |
|
Finnmark Dagblad |
368 940 |
|
Finnmarken |
426 352 |
|
Finnmarksposten |
46 422 |
|
Hammerfestingen |
23 381 |
|
Kronstadposten |
5 310 |
|
Kyst og Fjord |
102 871 |
|
Ruijan Kaiku |
5 474 |
|
Ságat |
580 226 |
|
SÁMi magasiidna |
72 775 |
|
Sør-Varanger Avis |
180 563 |
|
Østhavet |
67 064 |
|
Totalt |
2 190 000 |
For meir informasjon, ta kontakt med Nina Bjerke