Nytt fra Medietilsynet
Geelmuyden Kiese blir ny samarbeidspartnar for Medietilsynet
Medietilsynet har som mål å bli synlegare, tydelegare og styrkje den digitale kommunikasjonen. Kommunikasjonsbyrået Geelmuyden Kiese skal bidra til dette dei neste to åra.
Digitalt nærvær er nødvendig i ei digital medieverd
Mediemangfald og kritisk medieforståing er Medietilsynets to hovudsatsingsområde. – Vi ønsker å tilgjengeleggjere data, informasjon og kunnskap slik at både bransje, presse og befolkninga kan ta ha nytte av den, seier direktør for kommunikasjon og rådgiving Kristine Meek.
– I tillegg er informasjonstiltak og rettleiing knytte til mediebruk og mediemangfald ein del av samfunnsoppdraget til Medietilsynet, og vi ønskjer å vidareutvikle kommunikasjonen vår slik at den blir betre tilpassa ulike målgrupper og kanalar. Basert på liknande oppdrag og erfaring frå mediebransjen meiner vi Geelmuyden Kiese har dei beste føresetnadene for å styrkje dette arbeidet, seier Meek.
Mange byrå har vist interesse
15 byrå deltok i tilbodskonkurransen for rammeavtalen for kommunikasjon for Medietilsynet. Geelmuyden Kiese leverte eit tilbod med konkurransedyktige prisar og skilte seg ut positivt i forståinga si av Medietilsynets arbeid, rolle og samfunnsoppdrag. Avtalen blir inngått i fyrste omgang for to år.